Uforsk språkfunksjonar i småprat - Kommunikasjon og kultur 1 - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Uforsk språkfunksjonar i småprat

Kva slags språkfunksjonar finn de i småprat i ulike situasjonar?

Før du set i gang med oppgåva, er det nyttig å lese artikkelen om språkfunksjonar. Gå gjerne saman i par etter at de har lese kvar for dykk, og samarbeid om gode forklaringar på dei tre ulike språkfunksjonane de finn i artikkelen. Del forklaringane med klassen, slik at de er sikre på at alle forstår kva dei ulike funksjonane går ut på.

Relatert innhald

Utforsk språkbruk i småprat

Gå saman i grupper på tre.

Improviser dei tre situasjonane under i rollespel.

To av dykk speler rollene, mens den tredje observerer samtalen. Byt på rollene etter kvar situasjon.

  • Du ventar på ein buss som er veldig forseinka og byrjar å snakke med ein annan person som ventar saman med deg. De to er dei einaste på busstoppet.
  • Det er munnleg eksamen, du helser på sensor som presenterer seg sjølv.
  • Du møter ein veldig berømt person som du beundrar i heisen og får snakke med hen i to minutt.

Den som observerer, ser etter ulike språkfunksjonar i samtalen, og deler dette med dei andre etter at rollespelet er ferdig.

Diskuter:

  • Var det nokre fellestrekk i samtalane når det gjaldt korleis de brukte språket til dei ulike funksjonane? Kva var ulikt? Kva faktorar kan forklare likskapane og forskjellane?

  • Er det nokon språkfunksjonar som hender oftare enn dei andre i denne typen samtalar?

  • Var rollespela representative for korleis småprat går føre seg i røynda? Viss ikkje, kva kan vere forklaringar på dette?

Skrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 25.02.2021