Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er språk?

Kva meiner vi når vi bruker omgrepet "språk"? Kva er felles eigenskapar ved språk, og kva kategoriar deler vi språk inn i?
Helleristingar av dyrefigurar framheva med raud måling på stein. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Har du ein klar idé om kva omgrepet "språk" eigentleg dekkjer? Er det berre den verbale kommunikasjonen vi meiner når vi snakkar om språk, eller dekkjer omgrepet visuell og ikkje-verbal kommunikasjon òg?

Språkrådet skriv på nettsidene sine at ein vanleg definisjon av språk berre omfattar tale- og skriftspråket, altså den verbale kommunikasjonen. Men dei viser òg til at språk kan ha ein mykje breiare definisjon som handlar om "alt som kan fungere kommunikativt eller symbolsk, fra blomsterdufter til trafikklys og andre signaler."

I ressursane våre om språk held vi oss for det meste til den smale definisjonen, mens vi tek føre oss det som kjem under den breiare definisjonen, i ressursane om kommunikasjon.

Tenk over/diskuter:

Kva for ein av desse to definisjonane liknar mest på di eiga oppfatning av kva språk er?

Språket er unikt for mennesket

Eit viktig trekk ved alle språk er at dei består av abstrakte teikn, der betydinga av uttrykk er tilfeldig. Ord i ulike språk kan ha same betyding, men heilt ulike uttrykk: beana, dog og hund er tre døme på dette.

Å knyte meining til eit uttrykk på denne måten er heilt unikt for mennesket. Dyr kan òg bruke lydar og gestar som teikn, men det er ikkje noko bevis for at dei kan setje dei saman til ytringar som betyr noko ut over situasjonen der og då. Det er spranget frå å lage ein lyd som betyr fare, til det å kunne fortelje den neste generasjonen om det farlege og korleis dei kan unngå det, som er den unike språk-kompetansen til mennesket. Forskarar trur at språk oppstod for mellom 150–200 000 år sidan, og det har gitt oss som art ei unik evne til å tilpasse oss omgivnadene, ved at vi kan overføre detaljert kunnskap om miljø og teknologi til neste generasjon (Pagel, 2017).


Tenk over/diskuter:

Viss du tenkjer gjennom det du gjer i løpet av ein vanleg dag, kor mykje av dette kan du gjere utan å vere avhengig av å bruke språk, i den vidaste betydinga til ordet?

Kva er likt og kva er ulikt?

Alle språk har ord som blir sette saman av fonem. Fonem er språklydar og er ikkje det same som bokstavar, sjølv om vi bruker bokstavane for å uttrykkje dei. Tenk berre på forskjellane på lyden vi lagar for r i orda borte og ris. Eit språk har vanlegvis mellom 30 og 40 fonem (Simonsen, Kjøll & Faarlund, 2019). Alle språk skil mellom vokalar og konsonantar, som står for fonem som blir laga med open munn eller med hjelp av tunge, gane, lepper og tenner.

Fonema kan kombinerast til eit uavgrensa tal ord, sjølv om det er ulike reglar i ulike språk for kva lydar ein kan bruke, og korleis dei kan setjast saman. Alle språk skil mellom ulike typar ord, som verb og substantiv, men det varierer kor mange ordklassar eit språk har.

Desse orda kan setjast samen til uendeleg mange kombinasjonar av ytringar. Språka har òg reglar for korleis du set desse orda saman i setningar. Desse reglane kallar vi syntaks. Ei setning kan igjen bli delt inn i frasar.

Kart som viser tidlege menneskelege folkevandringar med pilar og informasjon om tid. Ein pil går frå Midtausten inn til Europa, med tidsindikasjonen 40 000 år sidan. Dei andre pilane viser den første utvandringa frå Afrika for 150 000 til 100 000 år sidan, og derfrå vidare ut til resten av verda. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Genetisk eller språkgeografisk inndeling av språk

Det er vanleg å omtale språk som del av ein familie. Dette kallar vi ei genetisk inndeling av språk. Utgangspunktet for ei slik inndeling er at ulike språk er i slekt, noko vi ser gjennom likskapar som dei har arva frå eit felles opphav. Dei indoeuropeiske språka stammar frå proto-indoeuropeisk, eit språk som vi ikkje har direkte attgiving av i kjelder, men som vi ser spor av i dei andre språka som har utvikla seg frå dette felles språket.

Denne måten å dele opp språk på passar ikkje på alle språk. Japansk er eit døme på eit språk som vi ikkje har fått fastslått nokon slektskap til. For japansk er det vanskeleg å seie om likskapane med andre språk kjem av felles opphav, eller at dei har vore nabospråk og har påverka kvarandre ved kontakt (Frellesvig & Johansen, 2019).

Den språkgeografiske inndelinga av språk handlar om å kartleggje kva språk som liknar på kvarandre i dag, med fokus på likskapstrekk gjennom geografisk nærleik og ikkje gjennom genetisk slektskap.

Ordstilling

Ein annan måte å sortere dei ulike språka på er å dele dei inn i grupper etter kva som er den vanlegaste ordstillinga. På norsk og engelsk er det vanlegast at subjektet (S) kjem føre verbalet (V), og at objektet følgjer etter desse to igjen. Med denne måten å klassifisere språka på er norsk og engelsk SVO-språk, mens arabisk er VSO-språk (Simonsen, Kjøll & Faarlund, 2019). Med SVO-ordstilling seier vi at "jenta sparka ballen" mens i eit VSO-språk er rett ordstilling "sparka jenta ballen".

Syntetiske og analytiske språk

Visste du at det òg er store forskjellar i korleis språka uttrykkjer forskjellar i tid og person? Her snakkar vi om ein skala som går frå syntetiske språk til det vi kallar analytiske språk. Syntetiske språk har mange avleiingar og bøyingar, mens analytiske språk ikkje endrar på orda, men berre på rekkjefølgja av ord. Vietnamesisk er eit døme på eit analytisk språk. I vietnamesisk blir ikkje substantiv og verb bøygde i tid og tal. I staden har språket småord som kan brukast for å uttrykkje dette: đã i ei setning markerer fortid og sẽ markerer framtid (Wikipedia, u.å.).

Dei samiske språka er på den andre sida av skalaen og er sterkt syntetiske. På samisk blir substantivet bøygd i kasus, til dømes betyr skuvlese på sørsamisk "til skulen", og skuvlesne betyr "på skulen".


Tenk over/diskuter:

Er førstespråket ditt syntetisk eller analytisk etter definisjonen på desse som du har fått her?

Minoritetsspråk og majoritetsspråk

I dei fleste samfunn er det eitt språk som dominerer, fordi fleirtalet snakkar det. Desse kallar vi majoritetsspråk. Samtidig er det ofte fleire andre grupper i eit samfunn som har sine eigne språk, såkalla minoritetsspråk. Gjennom historia har vi sett mange døme på at minoritetsspråka har hatt låg status og vorte skambelagde. I Noreg har fornorskings-politikken som staten førte mot nasjonale minoritetar som kvener og samar, ført til at mange ikkje fekk moglegheita til å lære språket til foreldra sine. I dagens Noreg er språkleg mangfald eit uttalt mål for samfunnet. I videoen under får du vite meir om det språklege mangfaldet i Noreg:

Side frå Njåls saga. Gamal bok med svart skrift. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Språkendringar

Eit anna trekk som alle språk har til felles, er at dei forandrar seg. Det gjeld spesielt talemålet. Skriftspråket er det litt vanskelegare å endre på raskt, sidan dette er sterkare regulert gjennom rettskrivingsnormer. Sjølv om vi kan skilje mellom rett og gale i talemålet, er det mykje lausare reglar for kva du kan seie, enn kva du kan skrive, så lenge du gjer deg forstått.

Nokre språk forandrar seg meir enn andre, og dette kan både handle både om språkpolitikk og om kor mykje språkbrukarar kjem i kontakt med andre språk.


Tenk over/diskuter:

Er det stor forskjell på talemålet til besteforeldregenerasjonen og generasjonen din?


Kjelder

Frellesvig, B. & Johansen, P. (2019, 24. april). Japansk. I Store norske leksikon. https://snl.no/japansk

Lesesenteret. (2017, 13. juli). Arbeid med språk og vokabular: Hva er språk? [Video]. YouTube. https://youtu.be/woO7C8p8-fY

Pagel, M. (2017). Q&A: What is human language, when did it evolve and why should we care? BMC Biology. 15. https://doi.org/10.1186/s12915-017-0405-3.

Simonsen, H. G., Kjøll, G. & Faarlund, J. T. (2019, 26. juni). Språk. I Store norske leksikon. https://snl.no/språk

Språkrådet. (u.å.) Spørsmål og svar: Hva er et språk? Henta 16. februar 2021 frå https://www.sprakradet.no/svardatabase/sporsmal-og-svar/hva-er-et-sprak/

Vietnamesisk: syntaks. (u. å.). I Wikipedia. Henta 16. februar 2021 frå https://no.wikipedia.org/wiki/vietnamesisk#Syntaks

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker og Liv Karin Joma.
Sist fagleg oppdatert 18.02.2021

Læringsressursar

Teoriar om språk og språkbruk