Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva slags språkkompetanse har du?

Utforsk og diskuter kva for ein underliggjande språkkompetanse de har, ved å gjere øvingar som gjer dette synleg.

Lilla hjerne framstilt som ein prosessor i ei datamaskin. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 1. Kva er språkkompetanse?

Les artikkelen om språkkompetanse under. Kva er grammatisk og kommunikativ kompetanse?

Relatert innhald

Del 2. Grammatisk kompetanse

Gå saman i par eller grupper, og prøv å forklare kva de meiner er feil med setningane under, utan å bruke andre kjelder enn dykkar eigen grammatiske kompetanse:

  • Det ikkje er så farleg.
  • Jenta som eg møtte på ferie, måndag dukka opp.
  • Aldri har meg kjent nokon som er så snill som deg.
  • Han gidde meg boka.

Diskuter: Korleis veit de kva som er rett og gale? Var det lett eller vanskeleg å forklare feila?

Del 3. Kommunikativ kompetanse

Gå saman i par eller grupper, og prøv å finne så mange måtar som mogleg å uttrykkje desse meldingane på:

  • at du ønskjer å be nokon om å hente noko for deg
  • at du vil uttrykkje at du liker nokon
  • at du kjenner deg ukomfortabel med ein situasjon
  • at du vil ha utsetjing på ei prøve

Diskuter:

  • Kor mange ulike måtar fann de å seie ting på?
  • Kva slags vurderingar ligg bak når du i kvardagen bestemmer kva måte å uttrykkje noko på, som passar til ein gitt situasjon?
CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 25.02.2021

Læringsressursar

Teoriar om språk og språkbruk