Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Utforsk språk og identitet i Tante Ulrikkes vei

Romanen Tante Ulrikkes vei handlar om to unge gutar som veks opp i drabantbyen Stovner i Oslo. Dei to gutane er vidt ulike, noko som kjem fram i både språk og innhald i romanen.
Forfattaren Zeshan Shakar framom ei blokk på Stovner. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Før du set i gang med denne oppgåva, er det lurt å ha lært om korleis språket blir påverka av sosiale faktorar, og korleis språk og identitet heng saman. Fagstoff om dette finn du nedst på sida saman med utdrag frå romanen Tante Ulrikkes vei.

Del 1. To heilt ulike gutar med lik bakgrunn

Romanen Tante Ulrikkes vei handlar om dei to gutane Mo og Jamal. Både Mo og Jamal bur på Stovner, dei er norskfødde med to innvandrarforeldre, og foreldra lever på trygd. Med så lik bakgrunn forventar vi vel at dei snakkar ganske likt?

  1. Gå saman to og to. Fordel roller mellom dykk. Ein er Jamal og ein er Mo. Les høgt for kvarandre.
  2. Korleis vil de karakterisere språket til Jamal? Peik på særpreg ved talemålet hans som skil det frå standardnorsk.
  3. Kva med språket til Mo? Kva karakteriserer det?
  4. Kva synest dei to hovudpersonane om heimstaden sin, Stovner?
  5. Korleis meiner de språket til gutane speglar den identiteten dei har, eller ønskjer å ha?

Del 2

Mo og Jamal formulerer seg heilt ulikt. Kva kan vere årsaka til det? Har det noko med kven dei ønskjer å vere? Eit hint kan du finne ved å sjå intervjuet med Sero Yildirim i Eides språksjov.

Sjå intervjuet i Eides språksjov på NRK TV frå 04:40.

  1. Kva kjenneteiknar talemålet til hovudpersonane frå NRK-serien 18?
  2. Kva likskapar ser du mellom talemåla til Jamal og Sero?
  3. Kva er det Sero seier som viser at multietnolekten kebabnorsk er noko ein vel å snakke?
  4. Kvifor trur du Jamal vel å snakke kebabnorsk, mens språket til Mo ligg nærare standardnorsk?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 25.02.2021

Læringsressursar

Teoriar om språk og språkbruk