Hopp til innhald

Fagstoff

Språk og sosiale faktorar

Har du tenkt over at når du bruker språket, fortel du andre om kven du er? Din måte å snakke eller skrive på kan seie noko om du er gut eller jente, kor gammal du er, kvar du kjem frå, kva slags gjeng du tilhøyrer, kva interessene dine er og mykje meir.

Alder, kjønn, utdanning, yrke, sosial bakgrunn og miljø/gruppe er sosiale faktorar som har sitt å seie for måten vi bruker språket på. I tillegg kan vi også trekkje inn kulturelle faktorar. Vi tilpassar språket avhengig av kven vi snakkar med og kva vi snakkar om, fordi sosiale og kulturelle faktorar varierer.

Sosiolingvistikk

Det norske talespråket er sett saman av mange dialektar, og innanfor éin dialekt finn vi sosiolektar eller gruppespråk. Det vil seie variasjonar av ein dialekt innafor ei bestemt sosial gruppe. Å studere språk i samanheng med sosiale og kulturelle faktorar blir kalla sosiolingvistikk.

I større byar vil vi sjå at det er språkforskjellar mellom sosiale klassar. Mange av desse språklege forskjellane går tilbake til den gongen det var eit mykje tydelegare klassesamfunn i Noreg, men i til dømes Oslo finn vi framleis forskjellar i språket på vestkanten og austkanten.

Oppveksten påverkar språket

I oppveksten blir vi sosialiserte inn i ulike fellesskap som gir oss ulike språk. Vi lærer morsmålet, og vi får med det eit nasjonalspråk og ein dialekt. Etter kvart begynner vi på skolen, vi deltek i ulike aktivitetar, får ulike haldningar og blir sosialiserte inn i ulike gruppespråk. Din sosiale bakgrunn og den økonomiske situasjonen du er i, eller har vakse opp i, vil vere med på å prege måten du snakkar på.

Eit spesialisert språk

Vi tek etter kvart ei utdanning og får eit yrke. Til dømes vil den utdanninga du vel å ta, føre deg inn i eit fagspråk. Lærarar vil snakke om vurdering, kompetansemål, læringssyn og didaktikk. I yrkeslivet vil du møte eit anna språk med andre faguttrykk, og kvart yrke har sitt eige sett av desse. Fysioterapeuten vil til dømes ha ein rik fagterminologi for musklar i kroppen og treningsøvingar.


Tenk over / diskuter:

  • Er det forskjellar i korleis folk snakkar i lokalsamfunnet ditt som har med sosiale klassar å gjere?

  • Kjem du på nokre trekk ved språket til lærarane dine som er ein del av fagspråket deira?


Kjelde:

Hasund, I. K. (2006). Ungdomsspråk. Fagbokforlaget.

CC BY-SASkrive av Marita Aksnes og Torgrim Gram Økland.
Sist fagleg oppdatert 05.02.2021

Læringsressursar

Teoriar om språk og språkbruk