Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Minoritetsspråk og språkleg mangfald i Noreg

Utforsk minoritetsspråka i Noreg, og presenter det du finn, for klassen.

Del 1.

Sjå filmen om språkleg mangfald, og les om minoritetsspråk i artikkelen "Kva er språk?" under relatert innhald.

Del 2.

Noreg har definert desse språka som norske region- eller minoritetsspråk (Regjeringa, 2020):

nordsamisk
sørsamisk
lulesamisk
kvensk
romanes
romani

Vel eitt av språka frå lista og prøv å finne svar på desse spørsmåla i kjelder du finn på biblioteket og på nettet. Presenter det du har funne, for klassen.

  • Kven snakkar dette språket?
  • Kva er historia til språket i Noreg?
  • Har språkbrukarane vore utsette for fornorskingspolitikk? Les meir om fornorskingspolitikken under relatert innhald.
  • Kva er språkleg mangfald, og kvifor er dette ein viktig verdi i norsk politikk i dag?
  • Er språket trua i dag?
  • Kva slags språk er det? Bruk kategoriar og omgrep frå artikkelen "Kva er språk?" til å beskrive språket som system.
  • Kva slags moglegheiter har dei som snakkar språket til å bruke det i skulen i dag? Her kan du søkje på sidene til Utdanningsdirektoratet, der står det ein del om rettar til morsmålsopplæring i norske skular.
  • Kan du finne døme på språket i bruk?

Relatert innhald

Kva meiner vi når vi bruker omgrepet "språk"? Kva er felles eigenskapar ved språk, og kva kategoriar deler vi språk inn i?

Kjelde

Regjeringa. (2020). Minoritetsspråkpakten. https://www.regjeringen.no/no/tema/urfolk-og-minoriteter/nasjonale-minoriteter/midtspalte/minoritetssprakpakta/id86936/

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 25.02.2021

Læringsressursar

Teoriar om språk og språkbruk