Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Samisk og norsk – felles språkhistorie?

Kvar kjem to av dei viktigaste språka som blir snakka i Noreg i dag, frå?

Før de ser klippet:

Kva veit de frå før om kvar dei samiske språka kjem frå?

Kva veit de frå før om kvar det norske språket kjem frå?

Sjå klippet om språkhistorie i NRK-programmet over frå 28:00 til 33:20.

Etter at de har sett klippet:

  • I grupper: Lag ei visuell framstilling, til dømes ei tidslinje, av utviklinga og opphavet til samisk og norsk språk, slik det kjem fram i dette klippet.
  • Del med dei andre gruppene.

Diskuter:

  • Kva er forskjellar og likskapar i framstillingane, kva synest de var interessant eller overraskande?
  • Korleis blir historia til samisk og norsk framstilte i lærebøker og på skulen elles?
  • Kva slags verknad kan det ha på oss å lære om opphavet til norsk og samisk samtidig, ikkje skilt?
CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 02.03.2021

Læringsressursar

Teoriar om språk og språkbruk