Hopp til innhald

Fagstoff

Korleis lærer vi oss eigentleg språk?

Morsmålet ditt har du lært nesten utan å merke det. Det er ei anna sak å lære seg eit heilt nytt språk – det vi kallar eit framandspråk eller andrespråk.
Robot med finger mot hovudet. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Har vi ein medfødt sans for grammatikk?

Korleis veit ganske små barn at det er feil å seie "Meg is vil ha"?

Forskaren Noam Chomsky revolusjonerte språkvitskapen med tankane sine om at mennesket har ein medfødt språkevne. Chomsky meinte at det finst ein universalgrammatikk, ein grammatikk som er felles for alle menneske, uansett kva språk dei snakkar. Denne grammatikken har rammer og prinsipp for kva eit språk kan vere. Chomsky meinte at grammatikken har nokre felles trekk som språka kan ha ulike innstillingar på, litt som brytarar.

Teorien om ein medfødt språkevne er omdiskutert, og eitt av motargumenta er at barn lærer seg språk fordi dei høyrer, observerer og testar ut språk heile tida. Noko som kan støtte teorien til Chomsky, er at mennesket er den einaste arten som har eit verbalspråk, og at også barn som ikkje har høyrt andre snakke, har utvikla eit slags språk.

Kvifor er vi spesielt mottakelege for språk når vi er barn?

Ein annan teori om språklæring er hypotesen til Lennenberg om at det er ein periode i barndommen då vi er spesielt kjenslevare og mottakelege for å lære språk, og at det derfor er viktig å lære andre språk før puberteten (Lennenberg, 1976). Det at barn lærer seg nye språk utan aksent, medan vaksne vanlegvis beheld tonefallet frå morsmålet, er ein observasjon som støttar denne hypotesen.

Enkelte språkforskarar har derfor meint at universalgrammatikken berre gjaldt innlæringa til barn av morsmålet, ikkje andrespråklæring. Andre meiner at vi bruker universalgrammatikken òg når vi lærer oss andre språk, men at vi berre har tilgang til desse grunnleggjande reglane gjennom morsmålet vi allereie har lært. Dette påverkar korleis vi lærer det nye språket. Både universalgrammatikken og den kjenslevare periode-hypotesen er vanskelege å bevise, så det er lettare å beskrive korleis vi lærer språk, enn å forklare dette.

Det indoeuropeiske språktreet med hovedgreinene indoariske, iranske, slaviske, germanske, romanske og keltiske språk. Treet viser også fleire undergreiner, blant anna språka bengali, urdu og hindi på den indoariske hovedgreina. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lettare å lære språk som er i slekt

Vi seier at språk er i slekt. Du har kanskje sett det indoeuropeiske språktreet over, som er eit slags slektstre for den indoeuropeiske språkfamilien? Viss du har eitt av dei indoeuropeiske språka som morsmål, er det vanskelegare å lære språk som høyrer til heilt andre språkfamiliar, til dømes finsk-ugriske språk (finsk, ungarsk). Det er altså lettare å lære språk som er i slekt med morsmålet ditt.

Det er likevel interessant og lærerikt å lære seg eit språk som har heilt andre reglar enn ditt eige, då det kan gi deg eit nytt perspektiv på språk generelt. Mykje tyder på at menneske som kan fleire språk, har fordelar av dette. Dei forstår meir av korleis språket fungerer på eit generelt nivå, fordi dei har erfaring med språklege forskjellar.


Tenk over / diskuter:

Kan du fleire enn eitt språk? Er dei i slekt? Kva slags forskjellar og likskapar er det mellom desse språka?

Formell og uformell språklæring

Vi snakkar om to måtar å lære språk på: formelt og uformelt. Formelt skjer det ved å få undervisning til dømes ved å følgje eit kurs og viss du vel eit framandspråk i skulen. Då lærer du deg reglar og vokabular ved å tileigne deg informasjon om det. Uformelt skjer det ved at du lever saman med folk som har språket som morsmål. Då lærer du gjennom å observere og lytte til korleis dei rundt deg bruker språket, og ved å teste ut det nye språket i samspel med andre.

Mellomspråk

Mellomspråk er eit omgrep som beskriv språket du har når du er i ferd med å lære deg eit anna språk. Viss du skal lære deg kinesisk, inneber det å tole mykje prøving og feiling når det gjeld ordval, ordstilling, tonefall og grammatikk. Det å gjere feil blir då ei viktig kjelde til å lære språket. Slik vil du etter kvart kunne bruke fleire og fleire av reglane og vokabularet til det nye språket. Mellomspråks-omgrepet gjer at vi fokuserer på læringsprosessen, at du er undervegs i å lære deg det, i motsetning til å sjå på kinesisken din som mangelfull heilt til han er perfekt.


Tenk over / diskuter:

Er måten du lærer engelsk på formell eller uformell?

Gir det meining å kalle engelsken din for eit mellomspråk?

Fire unge reisande med ryggsekkar på ser utover eit landskap. Foto.

Vi lærer språk i samspel med andre

Noko av det viktigaste med å lære seg språk er at det skjer best når vi bruker språket i samspel med andre. Vi plukkar opp talemåtar og vokabular frå omgivnadene, og vi lærer av våre eigne feil når vi prøver ut ulike måtar å bruke språket på i konkrete samanhengar.


Tenk over / diskuter:

Korleis kan du støtte andre rundt deg som er i ferd med å lære seg morsmålet ditt?


Kjelder:

Dahl, Ø. (2001). Møte mellom menneske: interkulturell kommunikasjon. Gyldendal.

Hulin, R. & Na, X. (2014). A Study of Chomsky's Universal Grammar in Second Language Acquisition. International Journal on Studies in English Language and Literature (IJSELL). Volume 2, Issue 12, s. 1–7. https://www.arcjournals.org/pdfs/ijsell/v2-i12/1.PDF

CC BY-NC-SASkrive av Øyvind Dahl og Caroline Nesbø Baker. Rettshavar: NRK
Sist fagleg oppdatert 04.02.2021

Læringsressursar

Teoriar om språk og språkbruk