Oppgave
Vel ut og presenter kunnskap om språk
Kva kunnskap om språk synest du er spesielt spennande? Korleis kan du bruke dette i arbeidet med å utforske kommunikasjon?
- Lag ein presentasjon med språk som tema. Du skal sjølv velje innfallsvinkelen til temaet på bakgrunn av kva du synest er interessant av fagstoffet om språk, så formuler gjerne di eiga problemstilling for presentasjonen.
- Gå igjennom ressursane i emnet som handlar om språk, og plukk ut kunnskap og omgrep derfrå som du meiner kan vere nyttige i arbeidet med å utforske eigen og andre sin kommunikasjon.
- Vel òg ut fagstoff og omgrep som du meiner egner seg spesielt til å utforske interkulturell kommunikasjon.
- Ver selektiv, og vel ut det du synest er mest spennande og relevant. Tidsbruk på presentasjonen kan vere mellom fem og ti minutt, så det er ikkje meininga at du skal gi att alt i emnet.
- Hugs å bruke faglege omgrep, og kom gjerne med døme som illustrerer omgrepa og kunnskapen du presenterer.
- Du får tips til presentasjonsteknikk i videoen øvst på sida. Kanskje du kan bruke kunnskapen din om kommunikasjon til å formidle bodskapen din på ein best mogleg måte?
- Etter alle har hatt presentasjonane sine, kan de diskutere vala dykkar av fagstoff. Er det nokre omgrep og teoriar som mange syntest var relevante og interessante?