Hopp til innhald

Fagstoff

Sjukdom i eit historisk perspektiv

Sjukdom har alltid påverka menneske og dyr, men årsakene til sjukdom blei ikkje forstått før den moderne vitskaplege tenkjemåten utvikla seg på 1700-talet. Før den tid trudde mange at sjukdom var ei form for åndeleg straff.

Patogene mikroorganismar gir sjukdom

Dei fleste mikroorganismar er nyttige, men nokre kan òg vere skadelege for plantar, dyr og menneske. Mikroorganismar som trengjer inn i kroppen til ein annan organisme og forårsakar skade eller sjukdom, blir gjerne kalla patogene mikroorganismar. Organismen som blir angripen, får ein infeksjon og kan bli sjuk. Sjukdommen kallar vi ein infeksjonssjukdom.

Mikroorganismar har til alle tider forårsaka sjukdom hos menneske. Også i dag tek patogene mikroorganismar fleire liv enn både svolt og krig.

Patogene mikroorganismar er i dag farlegare enn krig

  • Mycobacterium tuberculosis, som gir sjukdommen tuberkulose, tek over 3000 menneskeliv kvar dag.

  • Hivviruset tek cirka 2600 menneskeliv kvar dag.

  • Parasittar som forårsakar sjukdommen malaria, tek cirka 1700 menneskeliv kvar dag.

  • Krig og konfliktar tek cirka 350 menneskeliv kvar dag.

  • Naturkatastrofar tek rundt 25 menneskeliv kvar dag.

Rekkje på rekkje med sjukesenger og pasientar i eit eldre lokale. Svart-kvitt foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Epidemi og pandemi

Når ein infeksjonssjukdom rammar mange individ innanfor ein populasjon eller eit geografisk område på same tid, kallar vi det gjerne ein epidemi. Viss ein epidemi spreier seg over store delar av verda, blir det ein pandemi.

Influensa, som gjerne blir kalla sesonginfluensa og rammar mange i Noreg i løpet av vintersesongen, er eit døme på ein epidemi.

Utbrotet av svineinfluensa i 2009 og covid-19 i 2019 er døme på pandemiar.

Pestane i seinmellomalderen

Epidemiar har eksistert like lenge som menneske har levd i samfunn. Men då det i mellomalderen blei etablert trygge handelsruter over store geografiske område, begynte sjukdommane å spreie seg til alle delar av verda. Dei mest omfattande og katastrofale epidemiane gjennom historia er truleg pestane som i seinmellomalderen (ca. år 1300–1500) herja i Europa.

Koppar og krig

Sjølv om ein til slutt fekk kontroll over pesten, forårsaka patogene mikroorganismar nok av andre sjukdommar. Mellom anna spreidde koppe-epidemiar uhyggje og død – særleg blant barn – til langt ut på 1800-talet. På få timar kunne det oppstå utslett og væskefylte blemmer, såkalla koppar, over heile kroppen. Koppane spreidde seg med enorm kraft når dei sprakk. I same tidsrom gjennomførte kolerabakterien ein fatal verdsturné som tok livet av nokre titals millionar menneske.

Og med den første verdskrigen kom spanskesjuka. Soldatar som levde tett under dårlege forhold – stort sett i skyttargraver – var dei "perfekte" sjukdomsspreiarane både seg imellom og via kontakt med sivilbefolkninga. 40 millionar liv gjekk tapt i denne influensaepidemien – langt fleire enn i sjølve krigen (ca. 16 millionar).

Vitskaplege oppdagingar og tenkjemåtar

Verda har òg vore ramma av mange andre epidemiar. Dei har ikkje nødvendigvis fått like fatale konsekvensar, men har hatt mykje å seie for den medisinske utviklinga.

Oljemåleri av vitskapsmannen Anton van Leeuwenhoek. Motivet er av ein mann som sit bak eit skrivebord og ser gjennom eit handhalde mikroskop. Bak mannen står ei kvinne som tittar på arbeidet til mannen over skuldra hans. Illustrasjon.

På 1600-talet blei det gjort mange vitskaplege oppdagingar. I 1628 blei sirkulasjonssystemet beskrive for første gong. I same periode blei mikroskopet oppfunne. Slike oppdagingar endra synet på sjukdom og helse. Sjukdom var ikkje lenger noko ein berre måtte akseptere. Det hadde ei årsak. På slutten av 1800-talet blei samanhengen mellom bakteriar og sjukdom kjend, og ein innsåg kor viktig det var å vaske hendene. Denne kunnskapen auka forståinga av korleis smittsame sjukdommar kunne førebyggjast og behandlast.

Covid-19 har vist oss at epidemiane si tid likevel ikkje er over. Det finst ingen garanti for at det ikkje vil kome ein ny smittsam sjukdom som spreier seg så raskt at ein ikkje rekk å innføre tiltak.

URIX – Smittsom

I denne episoden (29m 15s) om smittsame sjukdommar og pandemi møter du fire personar som har overlevd ulike epidemiar. Høyr historiene deira. Korleis har verda utvikla seg, og kva har vi lært?

Viktige begrep

Patogen mikroorganisme
mikroorganisme som trengjer inn i kroppen til ein annan organisme og forårsakar skade eller sjukdom.
Infeksjon
når mikroorganismar formeirar seg og gjer skade på vertsorganismen.
Infeksjonssjukdom
sjukdom forårsaka av ein mikroorganisme (virus, bakterie, sopp eller parasitt).
Epidemi
utbrot av ein smittsam sjukdom hos mange individ innanfor ein populasjon eller eit geografisk område på same tid.
Pandemi
når ein epidemi spreier seg over store delar av verda.
Smitte
når eit smittestoff, til dømes ein patogen mikroorganisme, blir overført frå individ til individ.
Kjelder

Amundsen, B. (2020, 24. mai). Dette dør folk av i verden. Forskning.no. Henta 4. mars 2022 frå https://forskning.no/sykdommer-virus/dette-dor-folk-av-i-verden/1686490

Drexler, M. (2011). What you need to know about infectious disease. National Academy of Sciences. Henta 25. januar 2022 frå https://www.ncbi.nlm.nih.gov/books/nbk209706/

Folkehelseinstituttet (2018). Kopper og andre poxviridae-infeksjoner veileder for helsepersonell. Henta 1. februar 2022 frå https://www.fhi.no/nettpub/smittevernveilederen/sykdommer-a-a/kopper-og-andre-poxviridae-infeksjo/

Lönn-Stensrud, J. (2016). Bakterienes forunderlige verden. Universitetsforlaget.

Mamelund, S. E. (2021). Spanskesyken. I Store norske leksikon. Henta 6. februar 2022 frå https://sml.snl.no/spanskesyken

OpenStax (2021). Bacterial Diseases in Humans. Henta 26. januar 2022 frå https://openstax.org/books/biology-2e/pages/22-4-bacterial-diseases-in-humans#0

Relatert innhald

Svartedauden markerer eit tidsskilje i norsk mellomalder. Les om kva slags sjukdom dette var, og kva mellomaldermenneska hadde å stille opp med.

CC BY-NC-SASkrive av Axel Sandberg, Amund Pedersen og Camilla Øvstebø.
Sist fagleg oppdatert 04.03.2022

Læringsressursar

Smittsame sjukdommar