Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Songar frå nyheitene: Meteren

Musikk kan vere ein fin inngang til eit tema og bidra til å skape variasjon i undervisninga. Lytt til og tolk innhaldet i låten. Korleis kan denne låten knytast til temaet om smittsame sjukdommar?
Mann i dress med ein tommestokk på ein talarstol med riksvåpenet på. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåver

1. Kor mykje er 1 meter?

Elevane skal jobbe saman i par. De skal, utan hjelpemiddel, stille dykk med 1 meters avstand til kvarandre.

Læraren måler avstanden frå skotupp til skotupp. Kva for eit par har best kontroll på å anslå avstand?

2. Sjå videoen og lytt til låten

"Songar frå nyheitene" lagar låtar baserte på samfunnsaktuelle tema og sitat frå nyheiter og debattar.

Lytt til og tolk innhaldet i låten NRKs video til låten "Meteren".

3. Jobb vidare med innhaldet i teksten

Bent Høie – Meteren (songtekst)

Det er sommer i Norge!
De varme dagene og de lyse kveldene.
Det føles som me har komt i mål.
Men me e'kje ferdig me jobben og me kan'kje feira
Me har tatt kontroll over smittespredningen i Norge …
Nå må meeeee beholda kontrollen
Det gjør me med å holda minst ein meters avstand
Derfor e det lurt å minna seg sjøl på kor lang ein meter e
Ein meter e lengre enn ein sko tro!
Sooooool og sommar
Sommar og sol
Ein meter e lengre enn ein sko trooooo!
Me ska holda ein meter i sommar!
Eiiiiiiin meter i sommar!

Me har ingen vaksine!
Me har ingen behandling!
Men me har denne!
Me har meteren!
Me har meteren! Me har meteren!
Me Me Meteren!
Nå e det meteren som gjeldeeeeee
Me har meteren!
Me har meteren!
Me Me Meteren!

Nå e det meteren som gjeldeeeeee
Det er sommer i Norge!
Meteren blir kort når promillen blir høg
Det føles som me har komt i mål
Meteren blir mindre
Jo flerre venner som komme på festen
Når me nå går på byen!
Eller bygda!
Når me går på jobben!
Eller byen!
Når me går på straen!
Eller festen!
Alle må ha me meteren!
Som en tommestokk i hodet vårt!
Som en tommestokk i hodet vårt!

Me har ingen vaksine!
Me har ingen behandling!
Men me har denne!
Me har meteren!
Me har meteren! Me har meteren!
Me Me Meteren!
Nå e det meteren som gjeldeeeeee
Me har meteren!
Me har meteren!
Me Me Meteren!
Nå e det meteren som gjeldeeeeee

Tekst laga av "Songar frå nyheitene"

Jobb i grupper med desse spørsmåla og oppgåvene:

  1. Diskuter kva teksten handlar om.

  2. Korleis kan denne låten knytast til temaet smittsame sjukdommar?

  3. Den satiriske låten vart laga etter ein pressekonferanse 28. juni 2020. Kva handla pressekonferansen om?

  4. Diskuter samanhengen mellom smittespreiing og 1 meters avstand. Korleis kan 1 meters avstand førebygge smitte?

  5. "Me har tatt kontroll over smittespredningen i Norge …" Søk på internett, og sjå om innhaldet i songen stemmer med situasjonen i tida etter pressekonferansen.

  6. Kjenner de til andre tiltak som vart sette i verk for å hindre smittespreiing i denne perioden? Lag ei liste over tiltaka de kjenner til. Gi ei kort forklaring av korleis kvart tiltak bidreg til førebygging av smitte.

  7. Kan de finne nokon skjulte bodskapar i låten?

4. Lag ein eigen låt

Når det blir sett melodi til ein tekst, blir gjerne teksten lettare å hugse. Dette kan vere eit smart triks for å hugse fagkunnskap.

Del klassen inn i grupper.

  • Kvar gruppe vel seg eit tema under emnet forsvar mot sjukdom som de vil lage ein song til.

  • De skal skrive ein eigen songtekst, men vel sjølve om de vil bruke ein kjend melodi eller setje eigen melodi til teksten. Det er òg mogleg å lage ein eigna musikkvideo for å tydeleggjere innhaldet i låten.

  • Presenter alle songane for kvarandre. Etterpå kan det vere lurt å samle alle songane og dele dei i klassen. Dei er nemleg fine å bruke som repetisjon.

CC BY-SASkrive av Camilla Øvstebø.
Sist fagleg oppdatert 16.02.2022

Læringsressursar

Smittsame sjukdommar