Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Refleksjonsoppgåver om smittsame sjukdommar

Desse oppgåvene vil hjelpe deg med å arbeide vidare med stoffet om smittsame sjukdommar. Oppgåvene utfordrar deg til å reflektere og sjå samanhengar.
Ei stor mengd japanarar på veg til jobb. Alle er pent kledde og har munnbind. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1. Sjukdom i eit historisk perspektiv

  1. Historia kan gi oss eit innblikk i erfaringane og opplevingane til tidlegare generasjonar. På kva måte meiner du det kan vere nyttig?

  2. Vil du seie at historia er ein del av kvardagen din? Grunngi svaret.

  3. Kjenner du til tidlegare hendingar som har påverka måten vi i dag handterer hygiene og sjukdom på?

Oppgåve 2. Tiltak som reduserer smitte

Det finst mange tiltak som kan redusere spreiing av smittsame sjukdommar.

  1. Diskuter i mindre grupper: Kva for nokre ulike smitteverntiltak kjenner de til?

  2. Kva er forskjellen på smitteverntiltaka de har diskutert?

  3. Kor lenge trur de befolkninga vil vere motiverte til å følgje dei ulike tiltaka?

  4. Kva meiner de er det viktigaste smitteverntiltaket kvar enkelt person kan følgje for å hindre spreiing av smitte?

Oppgåve 3. Klimaendringar

Alle mikroorganismar har ulike eigenskapar. Dette har innverknad på korleis mikroorganismane tilpassar seg og spreier seg i omgivnadene sine.

  1. Korleis kan klimaendringar påverke utbreiinga av smittsame sjukdommar i verda?

  2. Finn ein smittsam sjukdom som er utbreidd i eit gitt geografisk område. Korleis trur du ein aukande gjennomsnittstemperatur på jorda vil påverke spreiinga av denne sjukdommen?

Oppgåve 4. Mutantar av patogene mikroorganismar

Mutasjonar er tilfeldige endringar i arvestoffet til ein organisme som kan påverke dei opphavlege eigenskapane til organismen. Ein organisme som har fått endra eigenskapane sine på denne måten, blir kalla ein mutant.

  1. Kor sannsynleg trur du det er at det oppstår nye mutantar ved eit smitteutbrot?

  2. Bør vi vere uroa for mutantar av patogene mikroorganismar? Kvifor (ikkje)?

  3. Kor mange nye mutantar trur du kan utvikle seg frå same mikroorganisme?

Oppgåve 5. Konsekvensar av smitteverntiltak

  1. Kva er konsekvensane av smitteverntiltak?

  2. Korleis trur du dei ulike smitteverntiltaka nedanfor påverkar befolkninga?

  • reiserestriksjonar

  • munnbind

  • avstand

  • handhygiene

Oppgåve 6. Smittespreiing

Kan eting, synging, høglydt prating og fnising påverke sjansane for at du overfører smitte til andre, trur du? Diskuter gjerne med ein medelev.

Oppgåve 7. Vektorboren smitte

  1. Kva meiner du er det beste smitteverntiltaket for å beskytte seg mot vektorboren smitte?

  2. Dei siste åra har vi blitt meir og meir merksame på sjukdommen Lyme borreliose, som blir forårsaka av Borrelia-bakterien. Bakterien kan overførast til menneske viss dei blir bitne av flått som er berarar av denne bakterien.

    Finn informasjon om sjukdommen. Kor sannsynleg er det at du får sjukdommen Lyme borreliose viss du blir biten av flått, trur du?

Oppgåve 8. Mat som smittekjelde

  1. På kva måte kan mat og drikke vere ei smittekjelde?

  2. Korleis kan vi hindre oppblomstring av patogene mikroorganismar i maten heime på kjøkkenet?

Oppgåve 9. Sjukdom forårsaka av Clostridium tetani

Nokre barn er ute og leikar i gata der du bur. Plutseleg høyrer du at den eine guten hyler. Du spring bort for å sjå kva som har skjedd, og legg merke til at han held seg på foten. Ut frå hulkinga er det tydeleg at guten har store smerter. Det viser seg at guten har trakka på ein rusten spikar.

Du har nyleg jobba med temaet om mikroorganismar og infeksjonssjukdommar og blir litt uroleg: Kva om guten blir infisert av bakterien Clostridium tetani?

  1. Finn ut meir om Clostridium tetani. Kva er samanhengen mellom ein rusten spikar og denne bakterien?

  2. Bør du vere bekymra viss eit lite barn får ein infeksjon forårsaka av denne bakterien?

  3. Finst det noka behandling for sjukdommar forårsaka av Clostridium tetani?

  4. Kor sannsynleg er det at eit lite barn får denne sjukdommen i Noreg i dag?

Oppgåve 10. Refleksjonar rundt ein pandemi

  1. Diskuter korleis koronapandemien har påverka dykk og andre ungdommar rundt om i verda.

  2. Korleis kan slike smitteutbrot ramme ulikt ut frå kvar ein bur?

Oppgåve 11. Berekning av smittespreiing

Covid-19 er ein smittsam sjukdom forårsaka av koronaviruset. Ein liten by, Alubia, brukte ein modell laga av anerkjende forskarar for å berekne talet på smitta per dag.

  1. 9. februar 2021 var vekstfaktoren for smitte 1,22. Kva betyr det for utviklinga til koronaviruset i Alubia?

  2. Gå ut frå at det allereie var 371 smitta før 9. februar. Lag eit funksjonsuttrykk, Ax, som viser talet på smitta i Alubia x dagar etter 9. februar.

  3. Kor mange smitta var det i Alubia på valentinsdagen, altså 14. februar?

  4. I nabobyen, Tiblix, hadde dei 735 smitta 9. februar. Berekningar viste at talet på smitta auka med 8 prosent for kvar dag. Lag eit funksjonsuttrykk, Tx, som viser talet på smitta i Tiblix x dagar etter 9. februar.

  5. Teikn grafane Ax og Tx i det same koordinatsystemet.

  6. Sjølv om Tiblix hadde nesten dobbelt så mange smitta som Alubia, blei situasjonen motsett etter nokre dagar. Når blei det fleire smitta i Alubia enn i Tiblix?

  7. Kor mange smitta var det i byane Alubia og Tiblix 18. februar 2021? Bruk funksjonsuttrykka Ax og Tx for å finne svaret.

Oppgåve 12. Svartedauden

Svartedauden var ein infeksjonssjukdom forårsaka av bakterien Yersinia pestis som herja i Europa på 1350-talet. Finn ut korleis situasjonen er for denne sjukdommen i verda akkurat no. Er det mogleg å bli smitta av denne infeksjonssjukdommen i Noreg i dag? Grunngi svaret ditt.

CC BY-SASkrive av Camilla Øvstebø, Olav Kristensen og Viveca Thindberg.
Sist fagleg oppdatert 01.04.2022

Læringsressursar

Smittsame sjukdommar