Hopp til innhald

Fagstoff

Pandemi

I 2020 vart verda ramma av koronapandemien. Men kva er eigentleg ein pandemi, og kvifor er det viktig å ha beredskapsplanar for pandemiar?
Ei kvinne med munnbind bruker telefonen. I bakgrunnen ser vi bytrafikk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er eigentleg forskjellen på ein epidemi og ein pandemi?

Store utbrot av smittsame sjukdommar blir kalla epidemiar eller pandemiar. Kort forklart er ein epidemi eit utbrot av ein sjukdom som spreier seg raskt i ei befolkning. Vi snakkar om ein pandemi når utbrotet ikkje lenger er avgrensa til enkelte befolkningsgrupper eller geografiske område. Då spreier sjukdommen seg og smittar mange menneske over store delar av verda. Utbrotet av svineinfluensa i 2009 og covid-19 i 2020 er døme på pandemiar.

Nasjonale retningslinjer for smittevern og beredskap

Smittevernlova (lovdata.no) og helseberedskapslova (lovdata.no) har som føremål å verne om liv og helse i befolkninga. Helseberedskapslova regulerer krav til beredskapsførebuing og gjennomføring av beredskapsarbeid i kriser.

Pandemiberedskap

Ved ein pandemi er det viktig å avgrense moglegheitene for at den patogene mikroorganismen kan spreie seg. Døme på tiltak alle kan følge, er å halde avstand til andre og ha god hygiene. I samanheng med smittevern betyr god hygiene hovudsakleg hyppig og grundig handvask og vask av flater og kontaktpunkt. Det kan òg vere aktuelt med karantene for folk som kan vere smitta, og isolering av personar som er stadfesta smitta. Slik kan vi beskytte kvarandre og avgrense moglegheitene for at mikroorganismane spreier seg.

Barn og vaksne vaskar hendene sine. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

På nasjonalt nivå kan tiltak i beredskapsarbeidet vere

  • testing og smittesporing
  • tilgang på smittevernutstyr
  • tilgang på medisinar
  • tilstrekkeleg kapasitet i helsevesenet
  • vaksinasjon av befolkninga

Omfattande testing og behandling er viktige tiltak for å hindre smittespreiing. Men kva om testkapasiteten er usikker, eller det ikkje finst ei behandling?

Under svineinfluensapandemien vart ein klar hausten 2009, og nesten halvparten av den norske befolkninga vart vaksinert. Året etter kunne Verdshelseorganisasjonen (WHO) erklære pandemien for over. Erfaringane frå denne pandemien har i ettertid blitt brukte som grunnlag for beredskapsplanlegging. Det viser seg at satsing på forsking og teknologiutvikling er spesielt viktig for å kunne overvake smittespreiinga og setje i verk målretta tiltak raskt.

Smittespreiing. Grafisk illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Konsekvensar for samfunnet

I mars 2020 erklærte WHO at utbrotet av covid-19 var ein pandemi. For å hindre spreiing vart det lagt fram to hovudstrategiar:

  • brems-strategien

  • slå-ned-strategien

Brems-strategien

Denne strategien går ut på å late smitten spreie seg meir eller mindre ukontrollert i befolkninga utan store inngripande tiltak, i håp om at vil stoppe smittespreiinga på ein effektiv måte. Denne strategien vil gi mange sjuke og døde på kort tid. Sverige var eit av landa som valde brems-strategien som beredskap mot koronapandemien.

Slå-ned-strategien

Den norske regjeringa valde ein strategi som gjekk ut på å slå ned viruset. Målet med denne strategien er å kvele epidemien og deretter halde smittespreiinga på eit lågt nivå. Denne strategien bygger på at det etter kvart vil bli utvikla ein vaksine eller andre effektive medisinar mot sjukdommen. Strategien krev inngripande tiltak og nedstenging av samfunnet.

Døme på tiltak som vart innførte i Noreg under koronapandemien

For å hindre smittespreiing vart alle offentlege og private bedrifter stengde ned, og kommunikasjon mellom menneske måtte skje digitalt. Eit av dei mest inngripande tiltaka i strategien var å stenge barnehagar og skular.

Tomt klasserom. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Andre tiltak:

  • Frisørsalongar og treningssenter vart stengde.

  • Mange vart oppmoda til å bruke heimekontor og unngå kollektivtransport.

  • Sjukehusa utsette ikkje-akutte operasjonar/behandlingar for å auke beredskapen.

  • Regjeringa la føringar på folks privatliv. Heile befolkninga vart oppmoda til å berre omgåast personar i same husstand.

Samfunnsøkonomiske konsekvensar

Begge dei ovannemnde strategiane har fordelar og ulemper. Brems-strategien krev mindre inngripande beredskapstiltak, men fører til fleire døde og større belastning på helsevesenet enn slå-ned-strategien.

Ein langvarig slå-ned-strategi med nedstenging av store delar av samfunnet vil gi langvarige økonomiske konsekvensar for næringslivet på grunn av redusert produksjon og investering, auka arbeidsløyse og uvisse i samfunnet.

Tenk over!

Eit engelsk uttrykk som er mykje brukt i samband med sikkerheitsplanlegging, er "prevention is better than cure".

Kva trur du blir meint med dette uttrykket?

Kjelder

Holden, S. (2020, 14. april). Samfunnsøkonomiske effekter av smitteverntiltak. Økonomisk institutt, Universitetet i Oslo. Henta 8. mars 2022 frå https://www.sv.uio.no/econ/om/aktuelt/i-media/2020/2020-04-10-holden.html

Regjeringa (2021, 31. november). Strategi og beredskapsplan for håndteringen av covid-19-pandemien. Henta 8. mars 2022 frå https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/strategi-og-beredskapsplan-for-handteringen-av-covid-19-pandemien2/id2890210/

CC BY-SASkrive av Anki Olsen og Camilla Øvstebø.
Sist fagleg oppdatert 14.03.2022

Læringsressursar

Smittsame sjukdommar