Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er apekoppar?

I mai 2022 vart eit utbrot av apekoppar oppdaga i Europa, men sjukdommen har vore kjend sidan 1970. Apekoppar er ein virussjukdom som gir feber, hovne lymfeknutar og utslett med store blemmer. Dei fleste blir friske utan behandling etter to til fire veker.
Ein overkropp med blemmer og små sår. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er apekoppar?

Ovale viruspartiklar med lilla farge og runde virus med blå farge. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Apekoppar (mpox) er ein virus-sjukdom som kjem av eit DNA-virus. Dette viruset finst hos aper, men virusa kjem truleg frå ekorn eller andre gnagarar. Virusa som først kom til Europa, høyrer til vestafrikanske virus-stammar som er mindre smittsame og mindre sjukdomsframkallande enn tilsvarande virus i Sentral-Afrika.

Korleis smittar apekoppar?

Ein stor Gibraltar-ape sit på dei berre skuldrene til ei kvinne. Foto.

Apekoppar er ein zoonose, det vil seie at det er ein sjukdom hos dyr som kan smitte menneske.

Menneske kan bli smitta av bit frå dyr, gjennom dropesmitte eller ved å ete kjøtt som ikkje er gjennomsteikt, men smittefaren er låg. Sjansane for å bli smitta ved nærkontakt med ein smitta person blir anslått til rundt ti prosent.

Smitte mellom menneske kan berre skje ved nærkontakt med utslett og kroppsvæsker, men òg ved kontakt med klede, handklede og sengeklede som har vore brukt av ein smitta person. Viruset kjem inn i kroppen gjennom skadd hud og gjennom slimhinner, men dropesmitte skjer vanlegvis ikkje utan at det har vore tett kontakt over fleire timar.

Seksuell kontakt med ein smitta aukar risikoen. I utbrotet i 2022 var dette den vanlegaste smittemåten. Kyssing kan òg medføre risiko for smitte.

Det er påvist virus i sæd lenge etter at ein har vorte frisk. Det blir derfor tilrådd å bruke kondom ved samleie i tolv veker etter ein har vorte frisk.

Symptom

Det tek 5–21 dagar frå ein blir smitta, til symptoma viser seg. Symptoma byrjar med feber, hovudverk og trøyttleikskjensle. Muskelsmerter og stivleik er òg vanleg. Nokon får hovne lymfeknutar, og deretter kjem eit kløande og/eller smertefullt utslett med blemmer med skorper over.

Seks bilete av hud med blemmer, sår og arr som utslett frå apekoppar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Utslettet kan oppstå rundt kjønnsorgana og i sete- og endetarmsregionen, men det kan òg starte i ansiktet eller i munnen og seinare spreie seg til resten av kroppen. Utslettet kan minne om vasskoppar. Nokon får òg utslett i handflater og fotsolar. Enkelte får berre nokre få og små blemmer eller sår som minner om herpes.

Sjukdomsforløpet varer normalt to til fire veker. Den som er smitta, eller mistenker smitte, må unngå nærkontakt med andre. Ein er smittsam i cirka tre veker frå symptomstart til skorpene har falle av og det er danna ny hud.

Testing og behandling

Ei av årsakene til at vi fekk eit utbrot av apekoppar i Europa i 2022, er at det ikkje er vaksinert mot koppar etter 1980.

Tenk gjennom

Kvifor vart koppevaksinen fjerna frå vaksinasjonsprogrammet?

Kne og arm med mange blemmer hos eit barn. Foto.

Det er viktig å ta kontakt med lege viss du har mistanke om at du kan vere smitta av apekoppar. Det er mogleg å ta ein test for å sjekke om du er smitta før du har symptom, men den sikraste diagnostiseringa skjer ved PCR-test av væske eller puss frå ei punktert blemme. Då vil DNA-fragment frå viruset bli gjenkjende og registrerte.

For å unngå smitte må den som er sjuk, halde avstand til andre. Som regel er det ikkje behov for anna behandling enn febernedsetjande medisin, men i sjeldne tilfelle kan det bli alvorleg sjukdom som krev sjukehusinnlegging. Det finst eit antiviralt middel (Tecovirimat) som er godkjent til behandling av apekoppar.

Vaksine mot apekoppar

Ei fylt sprøyte. Illustrasjon

Det finst ingen vaksine spesifikt mot apekoppar, men det finst ein nyare koppevaksine som er godkjend til bruk mot apekoppar.

Det er lite erfaring med bruk av denne vaksinen, men han kan bli gitt både før og etter smitte. Ein antek at denne koppevaksinen kan førebygge sjukdom og eit alvorleg sjukdomsforløp, men han gir ikkje fullstendig vern mot smitte.

Kjelder

Dalgard, O. & Klein, J. (2023, 9. januar). Apekopper. I Store medisinske leksikon. https://sml.snl.no/apekopper

Folkehelseinstituttet. (24. mai 2023). Mpox (apekopper) – veileder for helsepersonell. https://www.fhi.no/nettpub/smittevernveilederen/sykdommer-a-a/mpox/

Folkehelseinstituttet. (2023, 1. juni). Råd og informasjon til deg som har vært utsatt for smitte (nærkontakt) eller tror du er smittet med mpox (apekopper). https://www.fhi.no/sv/smittsomme-sykdommer/apekopper/rad-og-informasjon-til-deg-som-har-vart-utsatt-for-smitte-med-mpox-nar/

Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet. (2022, 29. august). Apekopper. Helsenorge. https://www.helsenorge.no/sykdom/infeksjon-og-betennelse/apekopper/

CC BY-SASkrive av Kristin Bøhle.
Sist fagleg oppdatert 09.06.2023

Læringsressursar

Smittsame sjukdommar