Hopp til innhald

Fagstoff

Samandrag – smittsame sjukdommar

Dette samandraget gir deg oversikt over det viktigaste fagstoffet i emnet som handlar om smittsame sjukdommar.
Salmonellabakteriar på menneskeceller. Mikroskopfoto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Patogene mikroorganismar gir sjukdom

Dei fleste mikroorganismar (virus, bakteriar, sopp og andre mikrobar) er nyttige, men nokre kan òg vere skadelege for plantar, dyr og oss menneske. Mikroorganismar som trengjer inn i kroppen til ein annan organisme og forårsakar skade eller sjukdom, blir gjerne kalla patogene mikroorganismar.

Infeksjonssjukdommar er smittsame sjukdommar

Når mikroorganismar trengjer inn i kroppen til ein annan organisme og formeirar seg der, vil det skade den andre organismen. Organismen som er angripen, får ein infeksjon og kan bli sjuk. Sjukdommen kallar vi ein infeksjonssjukdom.

Mikroorganismar kan forårsake sjukdom hos mange individ innanfor eit geografisk område. Infeksjonssjukdommar er med andre ord smittsame.

Sjukdomsprosessen

Kva som kjenneteiknar ein infeksjonssjukdom, avheng av ulike faktorar:

  • type mikroorganisme

  • celletypen som blir angripen

  • motstandskraft hos vertsorganismen

Epidemi

Når ein infeksjonssjukdom rammar mange individ innan ein populasjon eller eit geografisk område, blir det gjerne kalla ein epidemi. Eit døme er utbrot av influensa, som rammar mange i Noreg om vinteren.

Pandemi

Viss ein epidemi spreier seg over store delar av verda, blir det ein pandemi. Utbrotet av svineinfluensa i 2009 og koronaviruset i 2020 er døme på pandemiar.

Smittespreiing – overføring av sjukdom mellom individ

Ein sjukdom blir spreidd ved at mikroorganismen som forårsakar sjukdommen, blir overført frå eit individ til eit anna. Patogene mikroorganismar kan overførast mellom individ på ulike måtar:

  • gjennom lufta ved spytting, hosting og nysing

  • ved direkte kontakt som handtrykk, klem eller samleie

  • indirekte gjennom dårleg hygiene, kontaktflater, mat eller forureina drikkevatn

  • gjennom kontakt med andre organismar, til dømes insekt og dyr

Ulike måtar patogene mikroorganismar kan overførast mellom ulike individ på. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Korleis blir smitte spreidd og hindra?

Smittekjeda beskriv korleis eit smittestoff, til dømes ein patogen mikroorganisme, blir overført frå eit individ til eit anna. Smitte skjer i ei bestemt rekkjefølgje:

  1. smittestoff – mikroorganismar som kan overførast mellom ulike individ

  2. smittekjelde – ein organisme eller ei overflate som inneheld eit smittestoff

  3. smitteveg – måten mikroorganismen vandrar frå smittekjelde til smittemottakar på

  4. smitteinngang – ein inngang i kroppen til ein organisme

  5. smittemottakar – éin eller fleire organismar som er mottakeleg(e) for ein mikroorganisme

Når vi isolerer oss, held avstand, bruker munnbind og vaskar oss med sprit og såpe, blir ulike ledd i smittekjeda brotne. Derfor er dette effektive tiltak for å hindre spreiing av smittsame sjukdommar.

Mutasjonar kan gi patogene mikroorganismar nye eigenskapar. Det kan føre til at dei blir ufarlege for vertsorganismen, eller til at dei blir meir aggressive og dermed meir smittsame.

Smittsame sjukdommar er ei global utfordring

Sjølv om utfordringane er større i nokre land enn andre, er spreiing av smittsame sjukdommar eit internasjonalt problem som krev samarbeid på tvers av landegrenser.

CC BY-SASkrive av Camilla Øvstebø.
Sist fagleg oppdatert 15.03.2022

Læringsressursar

Smittsame sjukdommar