Hopp til innhald

Fagstoff

Infeksjonssjukdommar

Infeksjonssjukdommar er sjukdommar forårsaka av mikroorganismar som virus, bakteriar, sopp og andre mikrobar. Når mikroorganismar trengjer inn i kroppen til ein annan organisme og reproduserer seg der, vil det skade den andre organismen og gjere han sjuk.
Smittespreiing. Grafisk illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sjukdom

For mikroorganismar er menneske, dyr eller plantar nye område der dei kan busetje seg og formeire seg. For at ein mikroorganisme skal kunne forårsake sjukdom hos ein annan organisme, må han trengje inn i kroppen, reprodusere seg og øydeleggje cellene på ein eller annan måte. Dette skader , som blir sjuk.

Mikroorganismar er gode til å tilpasse seg ulike miljø. Denne eigenskapen gjer at når dei blir overførte frå eit individ til eit anna, vil dei innordne seg dei nye omgivnadene. Mikroorganismar som blir overførte mellom individ, kan derfor forårsake sjukdom hos mange individ innanfor eit geografisk område. Sjukdommar forårsaka av mikroorganismar er smittsame sjukdommar.

Sjukdom blir gjerne delt inn i to kategoriar:

  • smittsame

  • ikkje-smittsame

Sjukdommar som oppstår på grunn av ein feil, ein skade eller slitasje i kroppen hos ein organisme, er ikkje smittsame. Døme på ikkje-smittsame sjukdommar er diabetes, kreft og hjarteinfarkt.

Infeksjonssjukdommar er smittsame sjukdommar

Alle organismar har ulike forsvarsmekanismar for å hindre at mikroorganismar påverkar den indre balansen i kroppen. Når dette forsvaret mislykkast og kroppen mister kontroll over mikroorganismane, blir organismen sjuk.

Ein mikroorganisme har slege seg ned i øyret til ei mus og forårsaka ein infeksjon. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ei celle som er angripen av ein mikroorganisme, blir gjerne kalla ei infisert celle. Organismen som er angripen, har fått ein infeksjon og kan bli sjuk (infeksjonssjukdom).

Infeksjonssjukdommar omfattar eit breitt spekter av sjukdommar. Frå vanlege sjukdommar som og til alvorlege sjukdommar som .

Infeksjonssjukdommar forårsaka av

  • bakteriar eller andre mikrobar (eincella organismar) blir kalla mikrobielle sjukdommar

  • virus blir kalla virale sjukdommar

Sjukdomsprosessen

Kva som kjenneteiknar ein infeksjonssjukdom, avheng av ulike faktorar:

  • type mikroorganisme

  • celletypen som blir angripen

  • motstandskraft hos vertsorganismen

Det første som skjer når det oppstår skadar i cellene til ein organisme, er at kroppen sitt eige forsvar vil prøve å reparere skaden. Denne prosessen er hovudårsaka til ulike symptom som kan oppstå ved sjukdom. Feber er eit typisk symptom ved infeksjonssjukdommar. Andre vanlege symptom er oppkast, diaré og at du kjenner deg trøytt og slapp.

Sovande baby med digitalt febertermometer i framgrunnen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Type mikroorganisme

Alle mikroorganismar har ulike eigenskapar og tilpassingar. Dei kan derfor skade vertsorganismen på ulike måtar. Nokre mikroorganismar er gode til å feste seg til kroppsvev, mens andre er gode til å formeire seg og spreie seg raskt. Desse eigenskapane blir kalla virulensfaktorar.

Døme på virulensfaktorar hos bakteriar og virus

Bakteriar kan gjere skade på vertsorganismen ved å produsere ulike giftstoff som blokkerer danninga av nye protein i cellene, øydelegg cellemembranen eller hindrar kommunikasjon inne i cellene.

Virus kan gjere skade ved at dei overtek kontrollen over cellene i kroppen til vertsorganismen og bruker desse til å formeire seg sjølv. Dei infiserte cellene blir øydelagde, og viruset spreier seg vidare til andre celler i vertsorganismen.

Celletypen som blir angripen

Kva celler og vev som blir angripne av den patogene mikroorganismen, vil ha mykje å seie for sjukdomsprosessen.

Viss ein mikroorganisme angrip celler som deler seg raskt, til dømes celler i tarmen, vil cellene rundt den infiserte cella kunne erstatte dei øydelagde cellene. Det gjer at vertsorganismen blir lite påverka av skaden.

Viss dei patogene mikroorganismane angrip celler som ikkje kan dele seg, til dømes nerveceller, kan det gi permanente skadar hos vertsorganismen.

Motstandskraft hos vertsorganismen

Kor sjuk ein organisme blir når han blir angripen av ein patogen mikroorganisme, avheng av kor følsam (motstandsdyktig) organismen er for å bli angripen eller skadd. Dette varierer frå individ til individ, og er avhengig av kor gammal vertsorganismen er, om vertsorganismen har andre sjukdommar, og kor godt vertsorganismen sitt eige forsvarssystem fungerer.

Ein mygg infiserer eit menneske med ein parasitt. Parasitten infiserer lever og raude blodceller. Grafisk illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Patogen mikroorganisme – ein mikroorganisme som trengjer inn i kroppen til ein annan organisme og forårsakar skade.

Vertsorganisme – ein organisme som blir invadert av ein annan organisme.

Infeksjon – når mikroorganismar formeirar seg og gjer skade på vertsorganismen.

Infeksjonssjukdom – sjukdom forårsaka av ein mikroorganisme (virus, bakterie, sopp eller parasitt).

Mikrobiell sjukdom – sjukdom forårsaka av bakteriar eller andre mikrobar (eincella organismar).

Viral sjukdom – sjukdom forårsaka av virus.

Virulensfaktorar – dei sjukdomsframkallande eigenskapane til ein mikroorganisme.

Motstandskraft – kor følsam ein organisme er for å bli angripen eller skadd av ein mikroorganisme.

Kjelder

Drexler, M. (2011). What You Need to Know About Infectious Disease. National Academy of Sciences. Henta 25.januar 2022 frå https://www.ncbi.nlm.nih.gov/books/nbk209706/

Lönn-Stensrud, J. (2016). Bakterienes forunderlige verden. Universitetsforlaget.

CC BY-SASkrive av Camilla Øvstebø.
Sist fagleg oppdatert 12.02.2022

Læringsressursar

Smittsame sjukdommar