Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Oppsummeringsoppgåver om smittsame sjukdommar

Her finn du varierte oppgåver om ulike infeksjonssjukdommar, smittespreiing og førebyggjande tiltak. Oppgåvene gir deg god trening i nye omgrep og ei fin oversikt over emnet om smittsame sjukdommar.

Oppgåve 1. Memory

Lag par ved å finne biletet og ordet som høyrer saman.

Oppgåve 2. Sjukdom i eit historisk perspektiv

  1. Kva kan vi lære av historia, trur du?

  2. Gi døme på vitskaplege oppdagingar og tenkjemåtar som har påverka den medisinske utviklinga.

Oppgåve 3. Smittsame sjukdommar

  1. Kva er sjukdom?

  2. Kva meiner vi med smittsame sjukdommar? Er alle sjukdommar smittsame?

  3. Kva blir meint med dei to omgrepa virale og mikrobielle sjukdommar?

  4. Sorter dei ulike sjukdommane nedanfor i rett kategori.

Oppgåve 4. Kvifor blir vi sjuke?

  1. Forklar kva som skjer i kroppen når ein organisme får ein infeksjonssjukdom.

  2. Det er tre faktorar som påverkar sjukdomsprosessen, og som kjenneteiknar ein infeksjonssjukdom. Forklar dei tre faktorane.

  3. Kvifor blir ikkje alle organismar som blir angripne av ein mikroorganisme, sjuke?

Oppgåve 5. Smittespreiing

  1. Kva er smitte?

  2. Korleis blir smitte spreidd og hindra? List opp moglege måtar ein smittsam sjukdom kan spreie seg på.

  3. Tenk deg at du har ein smittsam sjukdom. Kva kan du gjere for å unngå å smitte andre?

  4. Kva meiner vi med ein smitteberar?

  5. Ein sjukdom kan spreie seg frå individ til individ på ulike måtar. Forklar omgrepa knytte til smittespreiing:

    • indirekte kontakt

    • direkte kontakt

    • vektorboren smitte

    • zoonose

  6. Sorter mikroorganismane nedanfor etter korleis dei smittar.

Oppgåve 6. Smittekjeda

  1. Kva er smittekjeda?

  2. Plasser dei ulike ledda i smittekjeda i rett rekkjefølgje.

  1. Bruk figuren over til å forklare dei ulike ledda i smittekjeda. Kom med minst eitt døme på kvart ledd.

  2. Kva skjer viss kjeda blir broten, og kva skjer viss ho ikkje blir broten?

  3. Kom med døme på korleis du kan bryte smittekjeda.

Oppgåve 7. Vurder smittesituasjonen

Vurder smittesituasjonen i biletet nedanfor.

  • Kva trur du er potensielle smittekjelder i denne situasjonen?

  • Kva mikroorganismar kan du forvente å finne på eit bad?

  • Kva tiltak kan setjast i verk for å hindre potensielle smittefarar?

Ung mann les på mobilen mens han sit på toalettet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 8. Pandemiberedskap

  1. Forklar forskjellen på ein epidemi og ein pandemi.

  2. Kva meiner vi med pandemiberedskap?

  3. Tenk deg at du jobbar med smittevern og beredskap. Du får i oppdrag å lage ei oversikt over aktuelle tiltak som kan setjast i verk ved ein eventuell pandemi. Oversikta må innehalde ei kort beskriving som forklarer korleis kvart enkelt tiltak førebyggjer spreiing av smitte.

  4. Det finst ulike strategiar for å hindre spreiing under ein pandemi. Forklar fordelar og ulemper ved dei ulike strategiane.

  5. Drøft denne påstanden: Smittsame sjukdommar er ei global utfordring.

CC BY-SASkrive av Camilla Øvstebø.
Sist fagleg oppdatert 17.05.2023

Læringsressursar

Smittsame sjukdommar