Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Forsøk: Handhygiene

Hjelper det å vaske hendene? Handvask er eit førebyggjande tiltak for å hindre spreiing av smittsame sjukdommar i befolkninga. I dette forsøket skal de undersøkje effekten av handvask.
Handvask med vatn og såpe. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Føremål

Føremålet med dette forsøket er å undersøkje effekten av handvask.

Framgangsmåte

Lag ein hypotese for kva de trur vil skje med kvar av dei tre brødskivene.

Brødskive 1:

  1. Send ei brødskive rundt i klasserommet. Lat alle ta på ho. Klem hendene inntil på kvar side utan å øydeleggje brødskiva.
  2. Merk ein lynlåspose med "uvaska hender".

  3. Legg brødskiva i posen, og lukk att.

Brødskive 2:

  1. Alle elevane vaskar så hendene. Utfør handvasken slik de vanlegvis gjer når de vaskar hender.
    Viktig! Hugs at de ikkje må ta på noko som helst frå de har tørka dykk, og til de får ei ny brødskive.
  2. Send ei ny brødskive rundt. Lat alle ta på ho. Klem hendene inntil på kvar side utan å øydeleggje brødskiva.
  3. Merk ein lynlåspose med "normalvask av hender".

  4. Legg brødskiva i posen, og lukk att.

Brødskive 3:

  1. Sjå denne filmen frå Folkehelseinstituttet om handvask på YouTube.
  2. No skal de skitne til hendene på nytt ved å ta på mobil, pult, dørhandtak, gelender og så vidare. Ta på mest mogleg på veg til der de skal vaske hender.
  3. Vask hendene på nytt. Denne gongen skal de gjere handvasken slik det blei forklart i filmen.
    Viktig! Hugs at de ikkje må ta på noko som helst frå de har tørka dykk, og til de får ei ny brødskive.
  4. Send ei tredje brødskive rundt i klasserommet, og ta på ho slik de gjorde med dei to første.

  5. Merk ein lynlåspose med "grundig vask av hender".

  6. Legg brødskiva i posen, og lukk att.

Observer resultatet av forsøket etter 4–7 dagar

Lat posane liggje posane på ein lun og varm stad. Følg med på utviklinga. Posane skal ikkje opnast undervegs.

Resultat og spørsmål

  • Kva har de observert? Forklar resultatet av forsøket.
  • Studer veksten av mikroorganismar. Beskriv dei ulike koloniane av mikroorganismar. Klarer de å artsbestemme nokon av dei?

  • Kva vilkår må vere til stades for at det skal bli vekst av mikroorganismar?

  • Korleis skjer smittespreiing?

  • Forklar ulike måtar smitte kan overførast på.

  • Korleis oppstår virale og mikrobielle sjukdommar?

  • Kva meiner vi med god handhygiene? Kva kan skje dersom vi slurvar med handhygienen?

  • Korleis påverkar såpe og handdesinfeksjon mikroorganismane?

  • Når vil de bruke handvask, og når vil de nytte handdesinfeksjon? Grunngi svaret.

Relatert innhald

Ein forsøksrapport skal innehalde det som er nødvendig for at lesaren skal kunne attskape forsøket. Her får du ei kort interaktiv rettleiing.

CC BY-SASkrive av Hanne Amundsen, Randi Helene Tillung og Ragnhild Kjeldsen.
Sist fagleg oppdatert 25.01.2022

Læringsressursar

Smittsame sjukdommar