Hopp til innhald
Fagartikkel

Leddgikt (revmatoid artritt)

Leddgikt er ein autoimmun sjukdom der immunforsvaret til kroppen angrip leddhinna (synovialhinna) i ledda. Det blir etter kvart danna eit betennelsesvev som kan gi invalidiserande skade på skjelettet.

Kva er leddgikt?

Leddhinna skil ut små mengder leddvæske (synovialvæske) som "smør" bruskflatene på endene av knoklane og motverkar friksjon. Ved leddgikt blir det danna unormalt mykje væske i leddet, og det vil hovne opp. Dette kan gi smerter og vanskar med å bøye eller strekke ut leddet. Parallelt blir det danna betennelsesvev som bryt ned leddbrusk og knoklar. Sjukdommen inngår i undergruppa betennelsesaktige sjukdommar av dei revmatiske sjukdommane.

Symptom og observasjonar

Symptoma er smerter, stivleik og hevelse i fleire ledd. Trøyttleik og eventuelt lett feber kan oppstå. Alle ledd kan bli angripne, men handledd og fingerledd er dei vanlegaste stadene å få symptom. Ledda er ofte særleg stive om morgonen.

Karakteristisk for sjukdommen er symmetrisk leddbetennelse, det vil seie ganske lik utbreiing av betennelse på høgre og venstre side av kroppen.

Diagnostisering

Diagnosen blir stilt på bakgrunn av symptoma, hovudsakleg hevelse i ledd som uttrykk for leddbetennelse. Dessutan blir blodprøver og biletdiagnostikk i form av ultralyd- og MR-undersøkingar brukte for å påvise betennelsesforandringar i synovialhinna.

Førebygging og behandling

Kosthald og livsstil

Som helsefagarbeidar kan du rettleie pasienten mot eit sunt og variert kosthald for å dekke behova til kroppen for næringsstoff og styrke immunforsvaret.

Det einaste næringsstoffet som er vist å ha direkte påverknad på sjukdomsaktivitet, er omega-3-feittsyrer. Feit fisk er ei god kjelde til desse feittsyrene, men dei fleste treng eit fiskeoljetilskot i tillegg for å få i seg stor nok mengde. Mange opplever at smertene kan bli sterkare av enkelte matvarer. Desse pasientane bør få rettleiing i samband med å unngå matvarene dei mistenker at dei reagerer på.

Røyking har dokumentert negativ innverknad på sjukdommen, og det aukar i tillegg faren for andre sjukdommar som rammar hjarte og blodårer.

Behandling og aktivitet

Det finst inga heilande behandling av leddgikt, men fleire legemiddel bidreg til å redusere leddhevelsar og smertar. I tillegg til behandling med legemiddel finst det tiltak som kan lindre smertene. Enkelte pasientar opplever at varme bad har effekt. Andre nyttar nedkjøling i form av ein ispose pakka inn i eit handkle og plassert på leddet.

Trening kan hjelpe mot stivleiken og smertar, men ledda må ikkje overbelastast. Mange opplever at symjing kan vere til god hjelp. Ein fysioterapeut kan vere med på å legge opp eit personleg og tilpassa treningsprogram for pasienten.

Du som helsefagarbeidar kan motivere til forsiktig trening i samråd med ansvarleg lege. Spesielt symjing i oppvarma basseng kan lindre smerte og styrke muskulatur. Fysioterapi kan forhindre at ledd stivnar. Det er viktig å styrke muskulaturen og senene rundt ledda. Her kan helsefagarbeidaren assistere og motivere pasienten til å gjennomføre avtalt treningsprogram.

Hjelpemiddel

Støttebandasjar kan avlaste ledda. Hjelpemiddel som tilpassa kjøkkenreiskapar heime og på arbeidsplassen viss pasientane har vondt eller er svake i ledda, bidreg òg til ein enklare og betre kvardag.

Utfordringar til deg

  1. Kva er symptoma på leddgikt?

  2. Kva kan ein person med leddgikt gjere for å betre stivleiken og lindre smertene?

  3. Kva aktivitetar og trening vil du tilrå for ein person med leddgikt?

Kjelde

Helsedirektoratet. (2018, 5. oktober). Kosthold ved revmatiske sykdommer. https://www.helsedirektoratet.no/faglige-rad/kosthold-ved-diagnoser-og-sykdomstilstander/rad-om-kosthold-ved-ulike-diagnoser-og-sykdomstilstander/kosthold-ved-revmatiske-sykdommer

Relatert innhald

Fagstoff
Skjelettet

Skjelettet er stativet som skal halde kroppen oppreist og samtidig verne vitale organ som hjerne, hjarte, lunger og ryggmerg.