Hopp til innhald

Fagstoff

Osteoporose

Osteoporose (beinskjørheit) er ein tilstand der knoklane i kroppen har lett for å brekke eller bøye seg. Dette kjem av at beinmassen i kroppen er redusert, og beinstrukturen er endra. Når massen av beinvev kjem under ein viss verdi, blir tilstanden kalla osteoporose.

Osteoporose

Det faktumet at beinmassen blir broten hurtigare ned enn han blir bygd opp, er ein del av aldringsprosessen. Beinskjørheit kan òg oppstå som følge av sjukdommar og ved bruk av enkelte legemiddel. Ved osteoporose blir knoklane meir porøse. Dei blir derfor svakare, og det oppstår lettare brot (frakturar). Årleg brekker omtrent 9 000 vaksne menneske hofta, cirka 15 000 menneske brekker handleddet, og mange blir ramma av kompresjonsbrot (samanfallbrot i ryggvirvlane). Brota kjem av i stor grad osteoporose.

Osteoporose er ikkje berre ein sjukdom som rammar gamle damer. Både menn og yngre kvinner kan ha låg beinmasse. Fordi levealderen i befolkninga har auka, og på grunn av endra livsstil, aukar òg talet på menneske med osteoporose.

Vi bygger opp beinmassen vår i barne- og ungdomsåra gjennom fysisk aktivitet og eit næringsrikt kosthald. Lågare fysisk aktivitet i befolkninga og eit meir usunt kosthald er med på å auke talet på menneske med osteoporose.

Osteoblaster og osteoklaster

Det er dei cellene som blir kalla osteoblastar, som står for nydanninga av beinvevet. Cellene som blir kalla osteoklastar, bryt ned beinvevet. I barne- og ungdomsåra dominerer osteoblastane, mens seinare held dei to celletypane kvarandre i sjakk. Frå 30- til 35-årsalderen tek osteoklastane overhand, og beinvevet byrjar å svinne.

Eldre dame går tur med stavar i ein park. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Symptom

Osteoporose gir ikkje symptom i seg sjølv, men blir gjerne oppdaga når pasienten får eit brot. Vi ser som oftast osteoporotiske brot i hofta, handleddet eller i ryggvirvlane, men vi kan ha osteoporose i heile skjelettet.

Ein pasient med osteoporose kan få kortare rygg som blir krumma fordi ryggvirvlane blir flatare.

Når ein pasient har osteoporose, er det komplikasjonane til tilstanden som gir pasienten symptom og plagar. Risikoen for beinbrot aukar, og med tilstanden følger kroniske smerter. Etter brot og ved kroniske smerter kan pasienten oppleve funksjonstap, og det kan òg føre til at pasienten føler at livskvaliteten blir dårlegare.

Kompresjonsbrot

Ved kompresjonsbrot er det ikkje mogleg å setje på plass brotendane slik som ved til dømes brot i handleddet. Dette kan føre til at brotendane ikkje gror saman på ein god måte, og belastninga aukar på muskelfeste og ledd. Belastninga på ryggsøyla blir feil, og det oppstår spenningar i muskulatur og leddband. Dette gir pasienten kroniske smerter og ei trøyttleikskjensle i ryggen.

Diagnostisering

Røntgen

For å diagnostisere osteoporose kan vi måle beintettleiken med spesielle røntgenbaserte målemetodar. Ei slik beintettleiksmåling viser kor sterke knoklane er, og om det er risiko for beinbrot.

Vi kan òg oppdage osteoporose ved hjelp av vanleg røntgen. Då ser vi at kontrasten mellom beinvevet og anna vev er mindre enn normalt. Kontrastane blir først viste når mellom 20 og 60 prosent av beinmassen er borte.

CT eller ultralyd

Ei CT- eller ultralyd-undersøking kan òg påvise osteoporotiske forandringar i beinvevet.

Blodprøver

Det blir ofte teke ulike blodprøver for å kartlegge eventuelle underliggande årsaker til osteoporose.

Risikofaktorar for osteoporose og/eller brot

Osteoporose er ein del av den naturlege aldringsprosessen. Beintettleiken hos ein 70-åring er omtrent to tredelar av beintettleiken til ein 30-åring. Når beintettleiken blir redusert, blir òg knoklane svakare. Vi får då lettare brotskadar frå slag og fall. I tillegg blir brota heila langsamare fordi kalsiummengda i skjelettet er redusert.

Kjønn

Kvinner har i utgangspunktet lågare beintettleik enn menn. Ein av to norske kvinner over 50 år vil oppleve osteoporotiske brot. Kvinner som røyker, har lågare østrogennivå i kroppen enn ikkje-røykande kvinner, og dei er derfor meir utsette for osteoporose.

Arv

Vi har større risiko for å utvikle osteoporose dersom mor eller bestemor har osteoporose.

Låg KMI, undervekt

Feilernæring påverkar beintettleiken. Lite feitt på kroppen gir mindre polstring ved fall. Østrogen blir lagra i feitt, og er feittlageret lite, er det òg lite østrogen.

Lågt kalsiuminntak

99 prosent av skjelettet består av kalsium. Kalsium er ein av dei viktigaste byggesteinane for å danne nytt beinvev, og det er nødvendig for at skjelettet skal vekse og utvikle seg.

Lågt inntak av vitamin D

Vitamin D er nødvendig for oppsuging av kalsium, for normalt kalsiuminnhald i blodet, for å bygge opp beinvevet i skjelettet og for normalt beinstoffskifte.

Fysisk inaktivitet

Lite fysisk aktivitet reduserer gradvis beintettleiken.

Røyking

Stoff i sigarettrøyk reduserer i ei viss grad aktiviteten til dei cellene som produserer nytt beinvev.

Høgt alkoholforbruk

Drikker du mykje alkohol, har du større risiko både for å falle og for feilernæring.

Bruk av medisinar

Langvarig bruk av steroid aukar nedbrytinga av beinvevet. Andre medisinar som kan påverke beintettleiken, er thyroxin, antiepileptika, langvarig bruk av heparin og visse legemiddel som blir brukte ved kreftbehandling.

Tidleg overgangsalder og uregelmessig menstruasjon

Hormonet østrogen påverkar balansen mellom nydanninga av beinmasse og nedbrytinga av beinmasse fordi det verkar inn på osteoblastane og osteoklastane. Når nivået av østrogen søkk ved overgangsalderen eller ved hormonforstyrringar, påverkar det nedbrytinga av beinmassen.

Sjukdommar i fordøyingskanalen

Cøliaki, Crohns sjukdom og ulcerøs kolitt fører til at opptaket av kalsium og vitamin D i tarmen blir redusert.

Tilstandar eller sjukdommar som gir auka falltendens

Med alderen blir synet svekt, og sjukdommar som Parkinsons sjukdom, artrose og hypertensjon (auka blodtrykk) kan føre til at pasientane blir meir ustø.

Etnisk tilhøyrsel

Kvite europeiske og amerikanske kvinner har auka risiko for osteoporose.

Førebyggande tiltak

Osteoporose kan ikkje heilast, men det er i ei viss grad mogleg å førebygge ytterlegare tap av beinvev ved hjelp av ulike tiltak.

Medikament

Visse legemiddel kan redusere aktiviteten til dei beincellene som verkar øydeleggande på beinmassen. Kvinner i risikogrupper får østrogenbehandling.

Tilskot av kalsium og vitamin D

Kalsium finst i både pulver, tyggetablettar, brusetablettar og i tablettform. Vi bør ta kalsiumtilskotet i samband med måltid for å få maksimal oppsuging frå tarmen. Det finst òg matvarer som er rike på kalsium.

Sollys gjer at huda produserer vitamin D. 15 minutt med sollys kvart døgn blir tilrådd. Tran er ei god kjelde til vitamin D i vintermånadene når sollyset er svakt.

Andre førebyggande tiltak

  • auke fysisk aktivitetsnivå

  • slutte å røyke

  • redusere alkoholinntaket

  • fallførebyggande tiltak

  • førebygge feil- og underernæring

Utfordringar til deg

  1. Kva kjenneteiknar osteoporose?

  2. Korleis vil du rettleie for å forhindre sjukdomsutviklinga og reduserer risikoen for brot?

  3. Korleis kan ein stille diagnosen osteoporose?

  4. Osteoporose blir kalla den stumme sjukdommen. Kva er årsaka til denne nemninga?

Kjelder

Helsebiblioteket. (2022, 25. 3. mars. Benskjørhet - osteoporose. https://www.helsebiblioteket.no/pasientinformasjon/muskel-og-skjelett/beinskjorhet

Meyer, H. E. (2016, 20. oktober). Fakta om benskjørhet og brudd (osteoporose og osteoporotiske brudd). https://www.fhi.no/fp/folkesykdommer/beinskjorhet/beinskjorhet-og-brudd---fakta-om-os/

Relatert innhald

Brot kan oppstå i alle knoklar. Nokre brot er så smertefulle at personen ikkje kan røre seg, medan andre brot er små og vanskelege å oppdage.

Skjelettet er stativet som skal halde kroppen oppreist og samtidig verne vitale organ som hjerne, hjarte, lunger og ryggmerg.

CC BY-SASkrive av Birgit Flaten.
Sist fagleg oppdatert 25.10.2023

Læringsressursar

Muskel- og skjelettplager