Rehabilitering etter hoftebrot
Opptrening skal over tid gi tilbake mobilitet, slik at pasienten forhåpentleg kan oppnå same funksjonsnivå som før brotet.
For å lykkast med denne målsetjinga må helsefagarbeidaren gå inn i eit tverrfagleg samarbeid med fysioterapeut, fastlege og anna helsepersonell, der alle har det same fokuset: at pasienten gjennom trening og daglege aktivitetar gradvis får tilbake mobilitet.
Gå saman tre og tre elevar (eller fleire) og søk på internett etter prosedyrar for forflytting av pasientar med hoftebrot.
Bruk pasientseng og øv på forflyttingsteknikken. Hugs ergonomi.
Veksle på rollene som pasient, helsefagarbeidar og observatør.
Avslutt økta med at gruppa sjølv filmar forflytting frå seng til preikestol/gåstol.
Vis filmen for ei anna gruppe.
Gruppa som ser filmen, skal gi to positive tilbakemeldingar og nemne ein ting som kunne vore gjort betre.
Etter operasjonen bør pasienten få meir proteinrik mat enn vanleg og rikeleg med drikke. Det vil få operasjonssåret til å gro raskare.
Gå saman i par.
Lag ein plakat som viser fem mindre måltid som alle er næringsrike og delikate. Bruk bilete.
Plakaten skal samtidig forklare kvifor desse måltida er spesielt tilpassa pasientar etter ein hoftebrotoperasjon.
Klassen kårar til slutt det beste måltidet.
Dersom de har høve til det, kan de òg lage dette måltidet eller fleire av alternativa de har komme fram til.
Del klassen inn i grupper. Kvar gruppe utarbeider eit treningsprogram for rehabilitering etter hoftebrotoperasjon.
De kan bruke Sjukehuset Østfolds treningsøvingar til rettleiing og inspirasjon, men finn gjerne òg andre tilrådde øvingar.
Set saman fem øvingar.
Vel musikk til treningsprogrammet.
Gjennomfør ei felles treningsøkt i klasserommet, der gruppene etter tur viser øvingane og instruerer dei andre i klassen. Alle gruppene skal vise og gjennomføre treningsprogrammet sitt for dei andre.
Teikn eit lårbein og forklar med stikkord korleis beinet er bygd opp.
Marker på teikninga brot på lårhalsen og i hofteknuten.
Forklar
symptom på hoftebrot
kva observasjonar du som helsefagarbeidar må gjere ved hoftebrot
korleis du som helsefagarbeidar kan kommunisere for å motivere pasienten til trening