Hopp til innhald

Fagstoff

Revmatiske sjukdommar

Revmatiske sjukdommar omfattar over 150 muskel- og skjelettsjukdommar og -tilstandar. Felles er at dei angrip ledd, musklar og sener. Enkelte revmatiske sjukdommar kan òg ramme nervar, hud, lunger, slimhinner og andre organ.
Ein mann held seg til skuldra og bøyer seg svakt framover. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Muskel- og skjelettsjukdommar er svært utbreidde i befolkninga, og det ei hyppig årsak til nedsett livskvalitet, tap av funksjon og redusert arbeidskapasitet.

Sjølv om høgare alder medfører plager som stivleik og smerter i ledd og musklar, er ikkje revmatisk sjukdom ein del av den normale aldringa. Dei ulike revmatiske sjukdommane kan arte seg veldig ulikt, men felles er at tidleg diagnostisering og tilrettelagd behandling saman med livsstilsendringar kan gjere stor forskjell for livskvaliteten til den som lever med sjukdommen.

Typar

Revmatiske sjukdommar omfattar mange ulike tilstandar som kan delast inn i fire hovudgrupper:

  • betennelsesaktige sjukdommar: I denne gruppa finn vi diagnosar som leddgikt (revmatoid artritt) og inflammatorisk ryggsjukdom (Bekhterevs sjukdom), og dessutan sjukdommar som forårsakar betennelsar i bindevev og blodårer.

  • degenerative revmatiske sjukdommar: Forkalkings- og slitasjesjukdommar der slitasjegikt (artrose) er den vanlegaste.

  • blautdelsrevmatiske sjukdommar: Betennelsar i til dømes sener og slimposar. Fibromyalgi høyrer til i denne kategorien.

  • ulike kroniske sjukdommar som gir revmatiske symptom i rørsleapparatet, til dømes osteoporose (beinskjørheit).

Utfordringar til deg

  1. Kva blir eigentleg meint med at vi skil revmatiske sjukdommar frå normale aldersvilkårsbundne plager?

  2. Personar med kronisk sjukdom har høgare risiko enn andre for å oppleve samlivsbrot. Dette gjeld òg i parforhold der den eine har revmatisk sjukdom. Kva kan vere årsakene til det?

  3. Revmatiske lidingar blir trekte fram som ei økonomisk utfordring for helsevesenet og samfunnet.

    1. Kvifor er det slik?

    2. Kva tenker du kan gjerast for å redusere denne belastninga på samfunnet?

Kjelder

Helsenorge (2020, 21. august). Leddgikt – revmatoid artritt. https://www.helsenorge.no/sykdom/muskel-og-skjelett/leddgikt/

Palm, Ø. (2021, 28. januar). Revmatiske sykdommer. I Store medisinske leksikon. https://sml.snl.no/revmatiske_sykdommer

CC BY-SASkrive av Odd Ragnar Myhr.
Sist fagleg oppdatert 21.04.2022

Læringsressursar

Muskel- og skjelettplager