Hopp til innhald

Fagstoff

Lårhalsbrot

Lårhalsbrot er ein av dei vanlegaste typane hoftebrot blant eldre menneske og kostar både den enkelte og samfunnet dyrt. I Noreg er det registrert ca. 9000 lårhalsbrot kvart år. Førekomsten av lårhalsbrot har auka dei siste 25 åra, og noko av aukinga kjem av at folk lever lenger.
Eldre kvinne ligg på golvet med lukka auge ved sida av ein velta stol. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lårhalsbrot

Hofteledd med hoftebrot. Teikning.

Lårhalsbrot utgjer ein bestemd type hoftebrot, og det er plasseringa til brotet som avgjer kva slags type hoftebrot det er. Den medisinske nemninga på lårhalsbrot er fractura colli femoris.

Øvst på lårbeinet sit det ein "hals" (lårhalsen), og på enden av lårhalsen er leddhovudet, som lagar eit ledd med hofteskåla. Dersom det oppstår brot på lårhalsen, får vi eit såkalla lårhalsbrot.

Avhengig av kvar brotet er, blir lårhalsbrot delte inn i to typar: brot gjennom sjølve lårhalsen og brot i hofteknoken (pertrokantær fraktur).

Risiko

Risikoen for eit hoftebrot hos kvinner blir fordobla kvart femte år etter fylte femti. Størst auke ser vi på geriatriske og psykiatriske institusjonar og hos kvinner over åtti år. Hoftebrot er tre gonger så vanleg hos kvinner som hos menn.

Symptom

Ved lårhalsbrot vil rørsler i hofta utløyse sterke smerter. Pasienten vil derfor ikkje kunne legge vekt på det skadde beinet. Ofte er òg det skadde beinet forkorta og rotert utover. Dersom årsaka til brotet er eit traume, kan pasienten ha ei blodsamling (hematom) på den skadde hofta.

Årsaker til lårhalsbrot

Årsaka til lårhalsbrot er ein kombinasjon av traume, alder, kjønn og sjukdom.

Dei fleste lårhalsbrota kjem som følgje av fallskadar (traume) hos eldre personar. Eldre menneske har ein større tendens til å falle fordi mange av dei har lett for å bli svimle og ustøe.

Når eldre menneske lett bryt lårhalsen under fall, kjem det av at når skjelettet blir eldre, blir det meir porøst. Denne tilstanden heiter beinskjørheit (osteoporose). Beinskjørheit er reduksjon av skjelettmassen, med minska beinvev og endringar i mikrostrukturen i beinet slik at det blir meir porøst. Hos 70-åringar er skjelettmassen omtrent 2/3 av skjelettmassen til 30-åringar.

Årsaka til at kvinner blir ramma oftare av lårhalsbrot enn menn, er at kvinnelege kjønnshormon er viktige for å hindre beintap. Hormonproduksjonen minkar etter overgangsalderen, og då taper kvinner òg beinmasse. Kjønnshormona til menn har like mykje å seie for beinmassen, men mennene held fram med produksjonen av kjønnshormon lenger enn kvinner.

Andre meir sjeldne årsaker til lårhalsbrot er metastasar i lårbeinet, godarta eller vondarta primærsvulstar i lårbeinet, infeksjonar i lårbeinet eller store traume (trafikk-, ski- eller fallulykker) hos yngre menneske.

Å stille diagnosen lårhalsbrot

Sjukehistoria (anamnesen) fortel ofte at det er ein eldre person som har falle i heimen, og som har smerter i hofteregionen. Forsiktig banking under den skadde foten kan gi smerter i hofta.

Ei røntgenundersøking stadfestar diagnosen og fortel kva type brot det er. Brottypen avgjer kva type operasjon som blir vald.

Behandling ved lårhalsbrot

Ein vel ulik behandling etter kva type brot det dreier seg om.

Ved brot i sjølve lårhalsen set ein som regel inn skruar under operasjonen. Ved brot i hofteknoken set ein inn både skruar og ei plate for å stabilisere brotet. I nokre tilfelle vel kirurgen å setje inn eit heilt nytt leddhovud, ein hofteleddprotese.

Føremålet med behandlinga er å få sett brotendane på plass og få festa dei slik at brotet gror slik det skal. Dette er avgjerande for at pasientane skal få tilbake gangfunksjonen sin.

Oppsummering om lårhalsbrot

  • Lårhalsbrot er den vanlegaste brottypen hos eldre menneske. Kvinner har nesten dobbelt så stor risiko som menn.

  • Ei 80 år gammal kvinne har cirka 25 gonger så stor risiko for hoftebrot som ei 55 år gammal kvinne. Dette er fordi både risikoen for osteoporose og risikoen for fall aukar med alderen.

  • Kvite europeiske og amerikanske kvinner (kaukasiske) har høgast brotrisiko. Asiatiske og afroamerikanske kvinner har lågast risiko. Høge kvinner har noko høgare risiko for brot.

  • Hoftebrota skjer som regel i sjølve lårhalsen eller like nedanfor sjølve lårhalsen.

  • Å bli rehabilitert etter lårhalsbrot er for mange eldre svært vanskeleg, sidan dei har uttalte helseplager før brotet. Mobilisering og trening er avgjerande om ein skal lykkast med rehabilitering.

Utfordringar til deg

  1. Lårhalsbrot rammar ofte eldre folk. Forklar kvifor. Diskuter svaret med ein medelev.

  2. Kvifor er det ofte kvinner som bryt lårhalsen?

  3. Kva kan vere symptom på lårhalsbrot?

Relatert innhald

Brot kan oppstå i alle knoklar. Nokre brot er så smertefulle at personen ikkje kan røre seg, medan andre brot er små og vanskelege å oppdage.

Ei god handtering av brotet kan bidra til å hindre ytterlegare komplikasjonar, og dessutan bidra til reduksjon i smertene.

CC BY-NC-SASkrive av Birgit Flaten, Marit Smith Sørhøy og Wenche Heir.
Sist fagleg oppdatert 15.01.2022

Læringsressursar

Muskel- og skjelettplager