Slitasjegikt (artrose)
Slitasjegikt eller artrose er ein sjukdom som blir gradvis forverra. I starten oppstår smerter ved bruk av leddet, seinare òg i kvile. Rørsla blir òg nedsett. Ledda som særleg blir angripne, er ledd i fingrar og tær, kne- og hofteledd og ledd i nakke og korsrygg. Artrose er klassifisert som ein degenerativ revmatiske sjukdom, der destruksjon av leddbrusk og redusert vekst av ny beinmasse er typiske trekk.
Symptoma på artrose kjem vanlegvis gradvis, nokre gonger over fleire år. Dei vanlegaste symptoma er
smerter som anten kan vere konstante eller oppstå ved bruk av leddet. Dei kan kjennast brennande, verkande eller skarpe.
stivleik, ofte verst om morgonen
nedsett mobilitet ved til dømes gonge i trapp
hovne og fortjukka ledd
knirkande kjensle i ledda ved rørsle
muskelsvakheit rundt leddet som er angripe
Lege kan vanlegvis stille diagnosen ved å undersøke leddet og snakke med pasienten. Ofte er det i tillegg nødvendig med biletdiagnostikk som vanleg røntgen, eventuelt ultralyd eller MR, for å påvise artroseforandringar.
Fysisk aktivitet kan verke førebyggande. Trening held ved like musklar og rørsle i ledd, og det er derfor eit viktig tiltak både før og etter påvist artrose. I tillegg til dette bør ein unngå overvekt ved artrose i hofteledd og kne.
Medisinsk behandling er under stadig utvikling. Vanlegast er bruk av svake smertestillande legemiddel som paracetamol og betennelsesdempande middel som Ibux (NSAID) som ikkje inneheld steroid.
Kosthald
Sidan artrose er ein leddsjukdom som ofte rammar overvektige og eldre, er eit balansert kosthald viktig. For overvektige kan det vere aktuelt å legge om kosthaldet med fokus på vektreduksjon for å minske belastninga på ledda. Eit kosthald med mykje grønsaker, frukt, bær, egg og nøtter kan bidra til å redusere betennelsar.
Hjelpemiddel
Ved smertar og vanskar ved daglege gjeremål kan det vere ei stor hjelp med ein avlastande bandasje, støytabsorberande innlegg og ulike hjelpemiddel som opphøgd toalett, strømpepåtrekkjar, stokk eller rullator.
Utfordringar til deg
Kva er artrose?
Kva ledd blir oftast ramma ved artrose?
Kva kan førebygge smerter ved artrose?
Kva hjelpemiddel til matlaging finst det for ein person med artrose i hendene?
Relatert innhald
For at brukaren skal meistre mest mogleg sjølv og delta i aktivitet knytte til mat og måltid, må helsefagarbeidaren og brukaren saman vurdere hjelpemiddel.