Hopp til innhald
Fagartikkel

Sjukepleie ved hoftebrot

Kvart år blir cirka 9000 personar i Noreg ramma av hoftebrot kvart år. Det skjer altså eit hoftebrot omtrent kvar time i snitt. Sju av ti hoftebrot rammar kvinner. Risikoen for brot aukar kraftig etter fylte 70 år.

Hoftebrot er fellesnemning på brot i sjølve lårhalsen og brot i området ved den vesle og store lårbeinsknuten. Desse to brottypane skjer omtrent like hyppig. Beinskjørheit (osteoporose) er ein medverkande faktor ved dei fleste hoftebrot hos eldre.

Behandling

Behandlinga skjer ved operasjonen med mål om å stabilisere brotet slik at pasienten omgåande kan komme opp og belaste beinet, anten delvis eller heilt. På grunn av komplikasjonar ved immobilitet kan langvarig sengeleie føre til ei så stor grad av vanhelse at eldre menneske ikkje toler påkjenninga. Særleg høg er risikoen for blodpropp.

Forflytting

Forflytting står sentralt i pleie av pasientar som er opererte på grunn av hoftebrot. Forflyttingsteknikken handlar om å utnytte ressursane til pasienten gjennom å bruke det naturlege rørslemønsteret til kroppen.

I tillegg er det viktig å rettleie pasienten i å snu seg i senga utan å forverre skaden. Det er spesielt viktig at vi informerer pasienten om ikkje å ha beina i kryss. For å unngå dette kan ein legge ei pute mellom beina. Når pasientane ligg i senga, skal dei alltid ha ei pute under det opererte beinet for å unngå trykk mot brotstaden.

Ernæring

Etter hoftebrot og operasjon er det viktig at pasienten får i seg rikeleg med proteinrik mat og drikke for at brotet og operasjonssåret skal gro. Samtidig er det ikkje uvanleg å ha mindre matlyst. Derfor må maten vere ekstra nærings- og proteinrik, slik som egg, kjøtt, fisk og mjølkeprodukt.

Aktivitet

Aktivitet er viktig med tanke på matlyst og å halde oppe kroppsfunksjonane og allmenntilstanden. Opptreninga bør derfor starte så fort som mogleg etter operasjonen. Pasienten kan belaste beinet fullt, så framt ikkje lege har gitt beskjed om noko anna. Daglege aktivitetar som toalettbesøk, sitje oppe til måltid og personleg hygiene er òg trening. Derfor er det viktig at pasienten i all hovudsak gjer dette sjølv.

Observasjonar

I situasjonar der pasienten plutseleg får symptom på lungebetennelse, urinvegsinfeksjon, forstopping, akutt forvirring (delir) eller trykksår, skal lege eller legevakt bli kontakta. Dette gjeld òg ved auka smerte frå operasjonsområdet, feber, puss eller siv frå operasjonssåret.

Utfordringar til deg

  1. Kvifor aukar risikoen for hoftebrot kraftig etter fylte 70 år?

  2. Heile 70 prosent av dei som opplever hoftebrot, er kvinner. Kva kan vere årsaka til denne skeivfordelinga mellom menn og kvinner?

  3. Noreg ligg i verdstoppen når det gjeld hoftebrot. Kva trur du kan vere årsakene til det?

Kjelder

Oslo Universitetssjukehus. (u.å.). Hoftebrudd, eldre, tidlig rehabilitering og fysioterapi. eHåndbok. Henta 3. januar 2022 frå https://ehandboken.ous-hf.no/document/105287#23

Vestre Viken HF. (2021, 26. august). Hoftebrudd. https://vestreviken.no/behandlinger/hoftebrudd

Helsedirektoratet. (2021, 2. desember). Hoftebrudd operert innen henholdsvis 24 timer og 48 timer. Henta 2. januar 2022 frå https://www.helsedirektoratet.no/statistikk/kvalitetsindikatorer/behandling-av-sykdom-og-overlevelse/hoftebrudd-operert-innen-henholdsvis-24-timer-og-48-timer

St. Olavs Hospital. (2016, september). Pasientguide: Hoftebrudd. https://stolav.no/documents/ort%20rev%20hud/Pasientguide%20hoftebrudd%20sept%202016.PDF

Madsen, J. E. & Randsborg, P.-H. (2018, 25. juni). Hoftebrudd. I Store medisinske leksikon. https://sml.snl.no/hoftebrudd

Relatert innhald