Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kvardagen med revmatisk sjukdom

Revmatiske sjukdommar er kroniske lidingar, og dei blir ofte kalla den usynlege sjukdommen. I denne oppgåva får du høve til å fordjupe deg i nokre ulike diagnosar og finne ut av kva som kan bidra til at kvardagen kan bli betre for personar med desse diagnosane.
Ei hand med fingerleddsartrose sett frå begge sider. Det er knutar på fingerledda. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåver

  1. Teikn og forklar forskjellen på artrose og revmatoid artritt.

  2. Mange opplever at smertene knytte til revmatisk sjukdom kan auke når dei et enkelte matvarer. Finn ut av samanhengen mellom matvarer og forverring av symptom.

  3. Leddgikt (revmatoid artritt) er ein autoimmun sjukdom. Forklar årsaka til at autoimmune sjukdommar kan oppstå, og då spesielt leddgikt.

Lag brosjyre

Jobb gjerne saman i par. Lag ein informasjonsbrosjyre om fysisk aktivitet og kosthald ved revmatisme. Bruk Norsk revmatikerforbunds nettside Du og diagnosen og Helsedirektoratet si nettside om kosthald ved revmatisme.

Lag ein brosjyre som skal vere til hjelp for ein nyutdanna helsefagarbeidar som skal jobbe med personar med revmatisme.

Lag film

Handartrose er ein av dei vanlegaste revmatiske sjukdommane. Bruk av kroppen og ledda i kvardagssituasjonar bidreg til å ta vare på rørsle og kraft. Øvingar kan bidra til å redusere smerte og betre funksjonen.

Lag ein film med ulike handøvingar. Jobb gjerne saman i par eller i gruppe. Bruk gjerne artikkelen Verker det i hendene frå Diakonhjemmet sykehus som inspirasjon når de lagar filmen.

Filmen kan gjerne ha tekst eller tale som fortel korleis øvingane skal utførast. I tillegg bør filmen ha tekst eller tale som understrekar at menneske med revmatisk sjukdom og muskel- og skjelettplager blir tilrådd å delta i regelmessig fysisk aktivitet, og kvifor dette er nødvendig.

Vis filmen for klassen og gi tilbakemeldingar til kvarandre. Pek på to ting som er bra, og ein ting som kan forbetrast.

Inflammatorisk ryggsjukdom (Bekhterevs sjukdom)

Lytt gjerne til Revmapodden – Møte med Tore Sagen om Bekhterevs sjukdom før du gjer oppgåvene.

  1. Kvifor er det viktig å få diagnosen?

  2. Korleis blir diagnosen Bekhterevs sjukdom stilt?

  3. Korleis kan du snakke om sjukdommen med personar slik at dei opplever at du er interessert og vil vite korleis dei har det?

  4. Kva tilpassingar i kvardagen kan vere gode for ein person med Bekhterev?

  5. Kva hjelpemiddel kan ein person med Bekhterev ha behov for?

  6. Kva pasientorganisasjonar finst for personar med Bekhterev, og kva kan ein pasientorganisasjon bidra til?

  7. Kva trening kan vere god når du har Bekhterev?

Gå – tenk – snakk (walk-and-talk)

Etter at de har jobba med temaet revmatiske lidingar, går de ein tur i nærmiljøet. Gå to eller fleire saman. Turen kan gjerne vare om lag 30 minutt. Reflekter saman om

  • kva revmatiske lidingar er

  • kva symptoma på revmatiske sjukdommar er

  • korleis de som helsefagarbeidarar kan hjelpe, støtte og rettleie ein person med revmatisk sjukdom i kvardagen


Samanfatt i klassen når de er tilbake.

CC BY-SASkrive av Siv Stai og Odd Ragnar Myhr.
Sist fagleg oppdatert 11.05.2022

Læringsressursar

Muskel- og skjelettplager