Skjelettet - Helsefremjande arbeid (HS-HSF vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Skjelettet

Skjelettet er stativet som skal halde kroppen oppreist og samtidig verne vitale (livsviktige) indre organ som hjerne, hjarte, lunger og ryggmarg. I tillegg er skjelettet sentralt for rørsle fordi musklar er festa til det med sener.

Oppgåvene til skjelettet

Skjelettet vårt består av om lag 206 enkeltknoklar med ulik form og storleik avhengig av kva funksjon dei har i kroppen. Dei kan vere lange, korte, flate eller uregelmessige. Knoklane er bygde opp av materiale som gjer skjelettet sterkt, slik at det toler belastning, men utan at det blir for tungt.

I tillegg til oppgåvene med å halde kroppen oppreist, verne indre organ og bidra til rørsle, er skjelettet òg eit lager for minerala kalsium og fosfat som det kan gi frå seg dersom det er mangel på desse andre stader i kroppen. I beinmergen inne i knoklane skjer produksjon av blodceller.

Beinvev

Knoklane er bygde opp av beinvev som består av beinceller, proteinfibrar, mineral og vatn. Proteinfibrane ligg mellom beincellene, og desse er dekte av kalk (kalsiumfosfat) som gjer skjelettet solid og sterkt.

Det er to typar beinceller i skjelettet: osteoblastar som bygger opp beinvev, og osteoklastar som bryt ned beinvev. Samspelet mellom desse to typane beinceller er avhengig av at knoklane blir utsette for fysisk belastning for å styrke skjelettet. Dersom dette samspelet ikkje fungerer som det skal, vil beinmassen bli redusert meir enn normalt for alderen din, og då oppstår det ein tilstand som blir kalla beinskjørheit (osteoporose).

Knoklar

Knoklane blir delte inn i tre hovudtypar:

  • røyrknoklar i armar, bein og kragebein

  • flate knoklar i hovudskallen, ribbein, brystbein og bekken

  • uregelmessige knoklar i ryggsøyla, hender og føter

Fasongen og storleiken til knoklane varierer altså, men oppbygginga er nokså lik. Det ytste laget av kompakt bein varierer i tjukkleik avhengig av kor mykje belastning det skal tole. Utanpå ligg beinhinna som inneheld nervar og blodkar, og i tillegg er feste for sener og musklar.

Inni knokkelen er beinvevet svampaktig (spongiøst), og her finst blodårer og beinmerg. Den gule beinmergen er feittvev som tettar holromma i knoklane, mens den raude beinmergen i dei store røyrknoklane er der produksjonen av nye blodceller skjer. Stamcellene i den raude beinmergen er opphavet til alle typar blodceller, både raude blodceller (erytrocyttar), kvite blodceller (leukocyttar) og blodplater (trombocyttar).

Vekst og utvikling i knoklar

Dei fleste av knoklane i armar og bein er røyrknoklar. Vekst og utvikling i skjelettet blir regulert av veksthormon frå hypofysen, og det føregår ved at epifyseskivene av brusk i enden av knoklane dannar nytt bein slik at knokkelen veks i lengde. Veksten til knoklane i tjukkleik skjer i beinhinna. Når produksjonen av veksthormon blir redusert i 20-årsalderen, blir epifyseskivene til bein, og høgdeveksten vår er ferdig.

Ledd

Ledda er det rørlege sambandet mellom knoklane som gjer det mogleg å røre kroppen. Fordi ledda har ulik fasong, er rørsleevna ulik, og vi skil mellom ekte og uekte ledd.

Ekte ledd

Hengselledd, som i fingrar, olbogar og kne, kan berre rørast fram og tilbake, mens kuleledd, som skulderledd og hofteledd, kan rørast i fleire retningar.

Ekte ledd er rørlege fordi knoklane er kledde med brusk som blir smurd med ei oljeliknande væske, synovialvæske. Denne væska blir danna av synnovialhinna som er festa langs kanten av brusken, og utanpå ligg ein leddkapsel av bindevev som held ledda saman og avgrensar rørsleevna. Nokre stader er ledda forsterka med leddband (ligament) av fast bindevev for å tole høg belastning. Nokre ledd har i tillegg ein ekstra ring eller leddskive av brusk, slik som meniskane i kneleddet.

Uekte ledd

Forbindelsar av brusk og bindevev som bind knoklar saman, blir kalla uekte ledd, og i desse ledda er det lita eller inga rørsleevne. Uekte ledd finst på stader i kroppen der det må vere stabilt mellom knoklane, til dømes mellom knoklane i hovudskallen, mellom underlivsbeina framme i bekkenet og mellom leggbeinet (fibula) og skjenebeinet (tibia) i okla. Ved fødselen er samanføyingane mellom knoklane i hovudskallen mjuke og rørlege for at barnet skal kunne passere gjennom fødselskanalen. Desse mjuke områda, som blir kalla fontanellar, er følbare på hovudet til spedbarn, men lukkar seg i to–treårsalderen.

Ryggsøyla

Ryggsøyla er bygd opp av 24 knoklar som blir kalla ryggvirvlar. Dei aller fleste virvlane i ryggsøyla er bygde opp med ein virvellekam, ein boge, ein ryggtagg og to tverrtaggar. Mellom bogen og virvellekamen er det eit holrom, og når alle ryggvirvlane er plasserte oppå kvarandre, blir dette til ein kanal som ryggmergen går gjennom.

Virvellekamane i ryggsøyla er forbundne med mellomvirvelskiver av brusk, og kvar av desse skivene er eit uekte ledd.

Utfordringar til deg

Frå omtrent 35-årsalderen får osteoklastane overtaket slik at nedbryting av beinvev går raskare enn oppbygging. Fysisk aktivitet og riktig kosthald blir derfor ekstra viktig for å førebygge beinskjørheit.

  1. Kva næringsstoff styrker skjelettet, og i kva matvarer finn du desse næringsstoffa?

  2. Kva trur du skjer med skjelettet dersom du ikkje får i deg nok av desse næringsstoffa gjennom kosthaldet ditt?

  3. Korleis kan fysisk aktivitet verne deg mot beinskjørheit?

Kjelder

Holck, P. (2022, 4. januar). Fontaneller. I Store medisinske leksikon. https://sml.snl.no/fontaneller

Nicolaysen, G. & Holck, P. (2014). Bevegelighet. I Nicolaysen, G. og Holck, P. (Red.), Kroppens funksjon og oppbygning (2. utg, s. 120–152). Gyldendal Akademisk.

Relatert innhald

Fagstoff
Næringsstoff

Her får du ei oversikt over dei mest kjende næringsstoffa, kva hovudfunksjonar dei har, og kva matvarer som er gode kjelder.




Skrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 24.10.2023