Hopp til innhald

Du er no inne i ein læringssti

Oppgåver og aktivitetar

Reflekter over korleis desinformasjon påverkar demokratiet

I desse oppgåvene skal de reflektere saman to og to over problemstillingar frå fagartikkelen Demokrati og desinformasjon.
Ung jente med lang flette omgitt av tre vaksne menn. Foto.

Oppgåve 1. Debattar med ein klimafornektar

Mange land i verda førebur seg no på å møte utfordringar som kjem av global oppvarming. Til grunn for dette ligg vitskaplege data frå klimaforskarar.

  • Kva argument vil de bruke i ein debatt der ein motdebattant hevdar at global oppvarming berre er tull, sidan det er kuldegrader og fint skiføre der han eller ho bur?
Twitter-kontoen @RealDonaldTrump blir stengd for alltid. Bilete av smarttelefon-skjerm. Illustrasjonsbilete.

Oppgåve 2. Bør media kommentere politiske utsegner?

I samband med covid-19-pandemien og presidentvalet i USA hausten 2020 valde nokre amerikanske TV-selskap å leggje inn informasjon på skjermen når dei meinte det blei sett fram falsk informasjon. Twitter og Facebook merkte òg innlegg viss dei meinte at avsendaren bevisst fordreidde fakta om covid-19 og legitimiteten til valresultatet.

  • Var det riktig av amerikanske medium å gjere dette?
  • Kva ville skje dersom NRK og TV 2 la inn slik informasjon på skjermen når statsministeren talte?

Oppgåve 3. Konsekvensar av desinformasjon om minoritetar

Kvinne som held opp to plakatar med jødefiendtleg innhald. Foto.

I mellomkrigstida spreidde nazistane falske historier om korleis jødane planla å rane til seg overherredømme i verda, og utvikla "vitskaplege" raseteoriar som demoniserte jødar. Slike førestillingar hadde florert i Europa i fleire hundre år, og dei lever framleis.

  • Søk på internett etter informasjon om kva eigenskapar nazistane tilla den jødiske rasen.
  • Kva konsekvensar fekk det?
  • I dag blir det spreidd liknande desinformasjon om muslimar i Europa og USA. Finn døme på falske nyheiter om muslimar som er publiserte i Noreg.

Oppgåve 4. Finn fem viktige læringspunkt i podkasten

Skjermbilete frå filmen Demokrati og desinformasjon. Forskar Bente Kalsnes snakkar. Foto.

Lytt til medieforskar Bente Kalsnes i denne podkasten frå 2020:

Hva er falske nyheter og hvor bekymret bør vi være?

  • Noter stikkord undervegs, og samanlikn notata dykkar.
  • Lag ei felles liste over dei fem viktigaste tinga de lærte av å lytte på denne podkasten. Presenter lista for klassen.

Relatert innhald

I eit velfungerande demokrati tek vi avgjerder på grunnlag av sanning og fakta. Kva skjer når nye medieplattformer spreier desinformasjon?

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 29.01.2021