Mediesystem og styreformer
Ein medieideologi eller eit mediesystem er ein modell som beskriv rolla til media i eit samfunn. Denne rolla heng nøye saman med måten makta er fordelt på.
Demokratisk styreform
I eit demokrati er det folket som gir styresmaktene makt gjennom frie val. Ein av dei viktigaste føresetnadene for eit demokrati er at det finst kanalar for fri meiningsutveksling. I alle demokratiske land finst det derfor lover om pressefridom.
Media er ein del av maktbalansen og opptrer ofte som kritikarar og vaktbikkjer overfor andre grupper som utøver makt. Nokon fryktar at media som frie, uavhengige aktørar kan få for mykje makt, sidan media i lita grad kan stillast til ansvar av folkevalde organ.
Diktatur
Det motsette av eit demokrati er eit diktatur. I eit diktatur har makthavarane enten blitt utpeika av forgjengarane eller tvinga til seg makta gjennom statskupp eller revolusjon.
Eit autoritært regime er eit styresett der styresmaktene har stor makt til å bestemme, same kva folket måtte meine. Dette er vanleg i diktatur, men nokre demokrati har også eit autoritært regime. Døme på det er Russland, Ungarn og Tyrkia.
I slike land kan media vere underlagde førehandssensur eller drive sjølvsensur i frykt for represaliar (hemn). Den teknologiske utviklinga gjer det i dag vanskelegare å hindre innbyggjarane i å dele informasjon og meiningar i sosiale medium.
I eit totalitært regime har styresmaktene all makt, også over media. Nord-Korea, Turkmenistan og Eritrea er døme på totalitære regime. I slike land blir media brukte som tenarar og talerøyr for styresmaktene og forbundsfellane deira.
Avisene spelte ei stor rolle i utviklinga av dei europeiske demokratia på 1700- og 1800-talet. I liberalistisk ånd stilte pressa seg kritisk til statsmakta og definerte si eiga rolle som talerøyr for enkeltmennesket – den vesle mannen i gata. Denne oppfatninga finn vi igjen i Ver varsam-plakaten, som den norske pressa følgjer i dag.
Ein annan viktig liberalistisk idé var at media skulle vere økonomisk uavhengige. Vestlege medium opererer i dag som store kommersielle aktørar og tener mykje pengar. Enkelte hevdar at omsynet til inntening kan gå ut over rolla til media som kanalar for fri meiningsutveksling og informasjonsformidling.
Mange har prøvd å klassifisere dei ulike medieideologiane. Den siste klassifiseringa som har fått gjennomslag i medievitskapen, kom i 2004 og blei utarbeidd av Daniel C. Hallin og Paolo Mancini. Dei tok utgangspunkt i 18 vestlege demokrati. Hallin og Mancini hevdar at medieinstitusjonane ikkje berre speglar samfunnet, men også sjølve er ein aktør som påverkar dei sosiale strukturane i samfunnet dei er ein del av.
- The Mediterranean / Polarized Pluralist Media Model finn vi i Hellas, Portugal og Spania. Desse landa har ei eliteorientert presse og ei sterk statsmakt.
- The Northern European / Democratic Corporatist Media Model finn vi i dei nordiske landa og Tyskland og Austerrike. Desse landa er prega av ein sterk stat og konsensus (einigheit) og nyttar marknadsjusterande tiltak som pressestøtte.
- The North Atlantic / Liberal Media Model finn vi i Storbritannia, USA, Canada og Irland. Karakteristisk for desse statane er ein gjennomgripande og omfattande pressefridom med ein sterk individualisme. Media er styrte av kommersielle krefter, og journalistikken er profesjonalisert. I USA har utviklinga dei siste åra gått i retning av sterk politisk polarisering.
- The Eastern European / Post-Communist Media Model finn vi i landa i det tidlegare Aust-Europa. Medieideologien i Aust-Europa er framleis prega av arven frå Sovjetunionen (1922–1991). Aviser og tidsskrift har ei uavhengig rolle, mens radio og tv støttar opp om makthavarane. Utviklinga har likevel gått i retning av aukande sjølvsensur.
Det norske samfunnet byggjer på blandingsøkonomi. Det betyr at tilbod og etterspurnad styrer mykje av økonomien i landet vårt, men også at vi har statleg eigarskap, og at styresmaktene grip inn med regulerande tiltak for å sikre ei jamn fordeling av goda i samfunnet.
I Noreg bestemmer staten kva kanalar som skal få konsesjon til å sende radio og tv. Aviser får pressestøtte for å sikre eit mangfald av meiningar. Ut over dette er det media sjølve som definerer rolla si i samfunnet gjennom reglane i Ver varsam-plakaten og Redaktørplakaten.
Til fordjuping
Noreg har i fleire år blitt rangerte som best i verda når det gjeld pressefridom. Christophe Deloire er leiar av organisasjonen Reportere uten grenser (RSF). I videoen nedanfor frå 2020 reflekterer Deloire over kva som er grunnen til at Noreg er best på pressefridom. Han tek også føre seg trendar som kan truge den frie journalistikken i framtida.
Sjå video på Youtube om fem trender som truer journalistikken
Viktige omgrep
autoritært regime
blandingsøkonomi
demokrati
diktatur
liberalisme
pressefridom
sensur
totalitært regime
Folk og Forsvar (u.å.). Autoritært styre [Leksikonartikkel]. Henta 25. mai 2021 frå https://folkogforsvar.no/leksikon/autoritaert-styre/
Wikipedia (u.å.). Comparing Media Systems [Leksikonartikkel]. Henta 27. januar 2021 frå https://en.wikipedia.org/wiki/comparing_media_systems#Dimensions:_political_context
Folk og Forsvar (u.å.). Totalitær stat [Leksikonartikkel]. Henta 25. mai 2021 frå https://folkogforsvar.no/leksikon/totalitaer-stat/
Wikipedia (u.å.). Comparing Media Systems [Leksikonartikkel]. Henta 25. mai 2021 frå https://en.wikipedia.org/wiki/comparing_media_systems
Relatert innhald
Den mediepolitikken dei politiske partia fører, er basert på ulike ideologiske standpunkt.