Det norske mediesystemet
Den mediepolitikken dei politiske partia fører, er basert på ulike ideologiske standpunkt. Nokre parti hentar tankegods frå sosialismen, andre frå konservativ eller liberal ideologi.
Oppgåve 1
Søk på internett etter ei forklaring på omgrepet liberalisme. Ver kjeldekritisk!
- Når oppstod liberalismen som politisk ideologi?
- Kva er grunnelementa i liberalismen?
- Kva er forskjellen mellom liberalisme og sosialliberalisme?
Oppgåve 2
Les fagartiklane Mediesystem og styreformer og Sjølvstende og statleg regulering.
- Kva er grunnelementa i den liberalistiske medieideologien?
- Studer teksten i Ver varsam-plakaten. Finn du nokre døme på liberalt tankegods her? Skriv ned dei døma du finn.
- Kva avgrensingar legg staten på norske medium?
- Kva er føremålet med desse reguleringane?
Oppgåve 3
Relatert innhald
CC BY-SASkrive av Dagny Regine Rosenberg og Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 01.02.2021