Medie- og informasjonskunnskap 1
- Leier til:Medie- og informasjonskunnskap 2
Medium, demokrati og medborgarskap
Media har ei viktig rolle i eit demokrati. Dei formidlar informasjon og er ein arena for politisk debatt. Ei sentral rolle for redaksjonelle medium er å avsløre maktmisbruk. Medborgarskap handlar om ytringsfridom og om at alle har moglegheit til å delta i samfunnsliv og arbeidsliv.
Pressa si rolle i demokratiet
Dersom eit demokrati skal fungere, må alle ha tilgang til informasjon og høve til å ytre eigne meiningar. Rolla til media er derfor å formidle mest mogleg sann informasjon, setje viktige saker på dagsordenen, vere ein arena for offentleg debatt og stille kritiske spørsmål til dei som har makt.
Læringsressursar
Pressa si rolle i demokratiet