Hopp til innhald

Litterære tekstar

Eg berre spør og spør, og spør

Det politiske intervjuet har hatt ei enkel form: spørsmål og ikkje-svar. Journalisten spør, og politikaren svarar på noko heilt anna. Nå gjer mikrofonstativa opprør.
Progamleder stiller spørsmål til Erna Solberg og Jens Stoltenberg
Opne bilete i eit nytt vindauge

Av Sven Egil Omdal

Altfor lenge har journalistane funne seg i rolla som rekvisitt. Dei har stilt vel uttenkte spørsmål og tolmodige halde smilet og mikrofonen medan den skarpt medietrena statsråden eller partileiaren har snakka om det som passa henne.

Siv Jensen var truleg den første som fekk oppleve at journalistane har rista av seg den faglege sløvheita og endeleg teke inn over seg at føremålet med eit intervju faktisk er å få svar.

På landsmøtet til Framstegspartiet i mai angreip Siv Jensen plutseleg Den norske modellen. Sidan denne modellen vanlegvis er like uangripeleg som Sissel Kyrkjebø, vakna pressebenken. Tre medarbeidarar frå VG stilte seg rundt partileiaren og ville vite kvifor sjølve systemet for organiseringa av det norske samfunnet plutseleg var falle i unåde. Jensen blei spurt om kva som var gale med Den norske modellen, og kom ikkje på noko anna enn handlingsregelen.

”Men er handlingsregelen ein del av Den norske modellen?”, spurde VG. Og fekk eit svar som ville gleda mann økseskaft. Derfor spurde reporterane ein gong til, og fekk eit endå meir tåkelagt svar. Så dei spurde enda ein gong, to gonger, tre gonger, forandra litt på ordstillinga og spurde igjen. Fire gonger, fem, seks, sju, ja heile 11 gonger. Alt medan videokameraet dokumenterte at her var leiaren for det nest største partiet i landet ute av stand til å definere ein modell ho nettopp hadde gått til åtak på.

Kollegaer i andre redaksjonar forstod raskt at VG hadde funne krutet opp på nytt. Opphavleg var det jo meininga at eit spørsmål skulle føre til eit svar, men så lenge har vi vore vane med at politikarane har snakka etter manus utan å ta det minste omsyn til kva journalisten ville vite, at vi rett og slett har gløymt kvifor vi spør.

Tre månader seinare fekk Siv Jensen igjen oppleve ny-journalistikken, denne gongen i NRK sitt radiostudio. Fleire av partifellane hennar har utfordra kulturminister Hadia Tajik og bede henne definere kva ho legg i ”norsk kultur”. Så då skulle ein kanskje vente at Framstegspartiet sjølve har omgrepet klårt føre seg. Men då Bjørn Myklebust i NRK opna med å spørje henne: ”Kva er norsk kultur?”, avleverte Jensen eit lite føredrag om innvandring. Så han spurde igjen: ”Kva er norsk kultur?” Vi høyrde det ulte i tåka, men ikkje noko som likna på eit svar. Så Myklebust heldt stendig fast: ”Kva er norsk kultur?” Han gav ikkje opp før det var klårt for alle lydarane at Siv Jensen ikkje aner kva partiet kjempar så hardt for å ta vare på.

Ei veke seinare nådde trenden Dagsrevyen. Denne gongen var det Arbeidarpartiet sin forsvarsminister, Anne Grete Strøm-Erichsen, som blei svar skyldig. Svært skyldig. Same dag var det avslørt at Forsvarets etterretningsteneste har eit arkiv som dei truleg ikkje har lov til å ha. Peter Svaar i Dagsrevyen ville vite når ministeren fekk vite om dette arkivet.

”Altså, det som er viktig for meg …”, begynte statsråden, som ho har lært på medietreningskursa. Blås i kva du blir spurt om, snakk om det som er viktig for deg. Hittil har det gått bra, men no beit Svaar seg fast: ”Igjen, når fikk du vite om dette fagarkivet?” Ny tåke. Same spørsmål ein gong til, to, tre, fire, fem, seks, sju gonger – før ei røyst utanfor biletet sa: ”Nå har hun forsøkt å svare på dette, så nå går du videre i spørsmålsstillingen.”

Det var mediemanipulasjonen som avslørte seg sjølv frå kulissane. Ministeren hadde slett ikkje forsøkt å svare, reporteren skulle berre pressast attende i rolla som mikrofonhaldar. Men noko har skjedd: Ikkje-svara er omsider avslørte, og det var dei gjentekne spørsmåla som avslørte dei.

CC BY-SASkrive av Sven Egil Omdal.
Sist fagleg oppdatert 20.04.2018

Læringsressursar

Pressa si rolle i demokratiet