Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Det norske mediesystemet

Den mediepolitikken dei politiske partia fører, er basert på ulike ideologiske standpunkt. Nokre parti hentar tankegods frå sosialismen, andre frå konservativ eller liberal ideologi.
Silhuett av menneskehovud beståande av mange tannhjul framfor ei urskive. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1

Søk på internett etter ei forklaring på omgrepet liberalisme. Ver kjeldekritisk!

  1. Når oppstod liberalismen som politisk ideologi?
  2. Kva er grunnelementa i liberalismen?
  3. Kva er forskjellen mellom liberalisme og sosialliberalisme?

Oppgåve 2

Les fagartiklane Mediesystem og styreformer og Sjølvstende og statleg regulering.

  1. Kva er grunnelementa i den liberalistiske medieideologien?
  2. Studer teksten i Ver varsam-plakaten. Finn du nokre døme på liberalt tankegods her? Skriv ned dei døma du finn.
  3. Kva avgrensingar legg staten på norske medium?
  4. Kva er føremålet med desse reguleringane?

Oppgåve 3

Relatert innhald

Norske medium har ei fri og uavhengig stilling i forhold til statlege styresmakter. Staten set likevel nokre grenser for medieverksemda.

CC BY-SASkrive av Dagny Regine Rosenberg og Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 01.02.2021

Læringsressursar

Pressa si rolle i demokratiet