Eigenvurdering
Eigenvurdering i emnet pressa si rolle i demokratiet
Kva kan du om ulike styreformer og mediesystem, og om rolla media speler i det norske demokratiet?
Læringsmål
Når du har jobba med dette emnet, bør du
kjenne til ulike styreformer og mediesystem, og kunne reflektere over samanhengen mellom styreform og media si rolle i samfunnet
kunne beskrive dei funksjonane media har i eit demokratisk samfunn som Noreg, og forklare kva ein meiner når media blir omtalte som «den fjerde statsmakta»
forstå kva konsekvensar det kan få for eit demokrati dersom befolkninga ikkje har tillit til media
kunne reflektere over kva rolle dei redaksjonelle og sosiale media speler for utvikling og bevaring av demokratiet i Noreg
Viktige omgrep i emnet pressa si rolle i demokratiet
Her er ei oversikt over nokre viktige omgrep som du bør kunne:
autoritært regime
demokrati
den fjerde statsmakta
diktatur
mediesystem
pressefridom
uavhengig journalistikk
sensur
totalitært regime