Oppgåve
Ungdommen sin NRK-plakat
Gjer deg kjend med kva NRK-plakaten seier om krava og forventningane staten har til NRK, og formuler dine eigne krav som ung medborgar.
NRK-plakaten definerer krava og forventningane staten har til NRK, og set rammene for NRK si verksemd.
- Gjer deg kjend med innhaldet i NRK-plakaten.
- Skriv ned dei fem punkta du meiner er aller viktigast.
- Samanlikn punkta dine med punkta til ein medelev. Er de samde? Kvifor? Kvifor ikkje?
Ta utgangspunkt i NRK-plakaten slik han er i dag. Kva må endrast for at han skal oppfylle ønska til den aldersgruppa de høyrer til?
- Opprett eit fellesdokument for klassen i eit samskrivingsverktøy, til dømes Google Docs.
- Skriv namnet ditt, og formuler fem krav som du meiner NRK må oppfylle for at NRK skal vere interessant å bruke for aldersgruppa di. Set opp krava i prioritert rekkjefølgje, slik at det viktigaste kjem først.
- Krav 1: Eg vil at NRK skal …
- Krav 2: Eg vil at NRK skal …
- Krav 3: Eg vil at NRK skal …
- Krav 4: Eg vil at NRK skal …
- Krav 5: Eg vil at NRK skal …
- Studer fellesdokumentet etter at alle i klassen har skrive inn krava sine. Er det nokre krav som går igjen hos fleire?
- Plukk i fellesskap ut fem krav som elevane i klassen din meiner ein bør ta omsyn til neste gong NRK-plakaten blir revidert. Lag ei kort grunngiving for kvart krav.