Hopp til innhald

Litterære tekstar

Donald, du lyg!

Korleis kan ein utføre skikkeleg journalistikk i ei verd der Oxford English Dictionary kårar «post-truth» til årets nyord?
Christiane Amanpour med hevet pekefinger. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Mediekommentar av Sven Egil Omdal

«Kommentaren er fri, men fakta er heilage», sa den legendariske redaktøren av The Guardian, C.P. Snow. Men i løpet av hausten har vi jo lært at fakta er alt anna enn heilage, ofte er dei heilt irrelevante. Det går an å bli valt til president i USA utan å sneie innom fakta anna enn ved reine tilfelle. Så kva skal journalistane gjere når faktasjekk ikkje lenger har noko å seie? Korleis skal dei rapportere frå det postfaktuelle samfunnet?

Christiane Amanpour, stjernereporter i CNN, svarte på dette spørsmålet då ho nyleg tok imot ein pris for journalistikken sin: Vi må ikkje anstrengje oss for å vere nøytrale, og heller skjerpe evna og viljen til å vere sannferdige.

«Vi kan ikkje halde fram med det gamle paradigmet – for eksempel i omtalen av global oppvarming, der 99,9 prosent av dei empiriske, vitskapelege bevisa får like stor plass som minoriteten av fornektarar», sa ho.

Frå si eiga erfaring under den etniske reinsinga og folkemordet i Bosnia, hadde ho trekt den konklusjon at ho aldri skulle sette likskapsteikn mellom angripar og offer, aldri skape falsk balanse, fordi det gjer journalisten til medskuldig.

«Eg trur på å vere sannferdig, ikkje nøytral, og eg meiner at vi må slutte å banalisere sanninga», sa ho.

Men kva vil kravet om å vere sannferdig ha å seie for kvardagen til journalistane som frå 20. januar skal dekkje president Donald Trump? Eg veit frå eiga erfaring kor stor respekt amerikanske pressefolk har for presidentembetet, kor høflege dei er i møte med republikken sine sentrale institusjonar. Vil journalistar som er oppdregne til å gjengi korrekt og nøkternt det presidenten seier, vere i stand til å korrigere han på flekken? Er det i det heile teke rett av reporterar stadig å drive faktakontroll, eller bør ein overlate slikt til kommentatorane?

CNN var først ute med raske korreksjonar då dei oppdaga at Trump gjennomførte valkampen i openberr forakt for krav til sanning. På skjermen stod det ofte bodskapar som dette, allereie medan han talte: «Trump seier at Obama er grunnleggjar av IS (det er han ikkje).» Fleire andre TV-selskap innførte same praksis. Sa Trump noko klart feilaktig, stod korrigeringa saman med sitatet.

Noko slikt hadde sjåarane aldri opplevd før. Redaksjonane forsvarte seg med at sjåarane heller ikkje hadde opplevd ein presidentkandidat som i det hele teke ikkje brydde seg om at det han hevda var hårreisande feil.

Verre er det at Trump held fram i same stil etter at valet er over, og truleg vil gjere det også etter at han er innsett som president. Dei amerikanske media held derfor fram med å rapportere på same måte: «Påtroppande president Donald Trump tvitra på morgonen i dag feilaktig at Hillary Clinton fekk fleire millionar ulovlege røyster.»

Det er vanskeleg å sjå føre seg NRK melde at «Erna Solberg hevda i kveld feilaktig at statsbudsjettet oppfyller Noreg sine forpliktingar etter Paris-avtalen», men er det i orden at vi dekkjer Trump på denne måten?

Christiane Amanpour siterte ein historikar som sa at dette valet ikkje er som andre val, og vi må ikkje behandle tilstanden som ein normal tilstand. «Vi må kjempe mot normaliseringa av det uakseptable», sa ho.

Donald Trump skjeller ut CNN kvar gong han har høve til det. Men han går også laus på andre delar av amerikansk presse. Dekkinga av presidentperioden hans kan komme til å fortone seg som ein kamp for amerikansk pressefridom, men også som eit forsvar for eit samfunn der det igjen skal følgje skam med å bli teken i løgn. Å korrigere Trump undervegs er ikkje å blande fakta og kommentar. Det er å forsvare fakta. Ein unormal president krev unormale journalistiske metodar.

CC BY-SASkrive av Sven Egil Omdal.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017

Læringsressursar

Pressa si rolle i demokratiet