Introduksjon
CC BY-SA 4.0
I denne læringsstien lærer du om rolla til media i land med ulike styreformer og om kvifor uavhengig journalistikk og pressefridom er ein føresetnad for eit levande demokrati.
Etter å ha jobba med denne læringsstien skal du
- kjenne til ulike mediesystem og forstå samanhengen mellom mediesystem og styresett
- ha kunnskap om ordningar som skal sikre at vi har uavhengig journalistikk i Noreg, og forstå kvifor media overvaker dei som har makt og myndigheit i samfunnet
- kunne reflektere over korleis desinformasjon og falske nyheiter påverkar demokratiet