Hopp til innhald

Fagstoff

Sjølvstende og statleg regulering

Norske medium har ei fri og uavhengig stilling i forhold til statlege styresmakter. Grunnlova sikrar formell og reell ytringsfridom. Men staten set likevel nokre grenser for medieverksemda.
Foto av ei klubbe og ei bok med tittelen Norges lover.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ytringsfridom og pressefridom

Dei lovene som gjeld i Noreg, er vedtekne av Stortinget. Prinsippet om ytringsfridom og trykkefridom er nedfelt i Grunnlova § 100. Trykkefridom betyr at publikasjonar kan offentleggjerast utan statleg sensur. Pressefridom er ein viktig del av trykkefridommen. Pressefridom inneber at media står fritt til å formidle informasjon og kritisere styresmaktene.

Lover som regulerer medieverksemda

Pressefridommen har likevel nokre avgrensingar. Ærekrenking, hatefulle ytringar og spreiing av pornografi blir ramma av straffelova. Men det finst fleire lover og forskrifter som regulerer medieverksemda i landet vårt:

  • konkurranselova
  • marknadsføringslova
  • film- og videogramlova
  • kringkastingslova

Konsesjonsordningar

Etter kringkastingslova § 2-1 har Norsk rikskringkasting rett til å drive kringkasting. Andre enn NRK må ha konsesjon for å drive kringkasting eller lokalkringkasting. Kulturdepartementet fastset reglar og lovverk for konsesjonstildeling. På denne måten blir Stortinget sine politiske vedtak om mediemangfald sette ut i livet.

Konsesjonen blir gitt for ein tidsavgrensa periode og inneheld føresegner om føremål, dekningsgrad, lokalisering og innhaldsmessige plikter. Medietilsynet har ansvaret for å føre tilsyn med at dei aktørane som har fått konsesjon, følgjer opp pliktene sine.

Lov om redaksjonelt sjølvstende

I 2008 vedtok Stortinget lov om redaksjonell uavhengighet og ansvar i redaktørstyrte journalistiske medier (medieansvarslova). Ho blei sist revidert i 2020. Lova slår fast at utgivar, eigar eller andre utanforståande ikkje kan instruere eller overprøve redaktøren i redaksjonelle spørsmål. Dei kan heller ikkje krevje å få gjere seg kjende med redaksjonelt innhald før det blir gjort allment tilgjengeleg.

Lov om økonomisk støtte til media

Ei ny lov om økonomisk støtte til media som skal sikre sjølvstendet til media vart vedteke i 2020. Her blir det òg slått fast at Medietilsynet og Medieklagenemnda skal vere uavhengige instansar.

Hovudgrepa i lova er:

  • lovfesting av tilskotsordningane og dei samfunnsmessige føremåla med mediestøtta
  • innføring av fireårige styringssignal for den økonomiske ramma til NRK
  • innføring av fireårige styringssignal for den samla økonomiske ramma til tilskotsordningane på mediefeltet
  • styrking av armlengds avstand mellom politiske styresmakter og media ved å lovfeste sjølvstendet til Medietilsynet og Medieklagenemnda i behandlinga av enkeltsaker om mediestøtte
  • innføring av ein heilskapleg gjennomgang av verkemidla på mediefeltet kvart fjerde år

Orden i eige hus

Ein av grunnane til at norske medium i lita grad er regulerte av lover, er sjølvjustisen til den norske pressa. Pressa har sine eigne, sjølvpålagde "lover": Ver varsam-plakaten og Redaktørplakaten. Ho har dessutan sin eigen uformelle "domstol": Pressens faglige utvalg.

Slik har pressa sjølv danna seg eit vern mot at staten skal gripe inn i det dei held på med. Styresmaktene treng ikkje blande seg inn og lovregulere det som allereie fungerer godt.

Med ujamne mellomrom har det kome forslag om å opprette eit medieombod. Dette ville bety at staten grip inn i arbeidet til pressa. Det har så langt ikkje vore fleirtal for dette forslaget i Noreg.

Viktige omgrep

Kjelder

Kulturdepartementet. (2020). Lov om økonomisk støtte til mediene (mediestøtteloven)) (Prop. 138 L (2019–2020)). Henta 28. januar 2021 frå https://www.stortinget.no/no/saker-og-publikasjoner/saker/sak/?p=80340

Medieansvarslova. (2020). Lov om redaksjonell uavhengighet og ansvar i redaktørstyrte journalistiske medier (LOV-2020-05-29-59). Henta 28. januar 2021 frå https://lovdata.no/dokument/nl/lov/2020-05-29-59

CC BY-SASkrive av Trude Løvskar og Ragna Marie Tørdal. Rettshavar: Senter for nye medier, Høgskolen i Bergen
Sist fagleg oppdatert 28.01.2021

Læringsressursar

Norsk mediepolitikk og mediestruktur