Hopp til innhald

Fagstoff

Norsk mediestruktur og mediemangfald

Norsk mediestruktur handlar om mediesystemet i Noreg, om korleis media er organiserte, og om forholdet mellom ulike medieaktørar. Mediestrukturen har stor betydning for demokratiet vårt. Eit mangfaldig medietilbod er nemleg eit viktig prinsipp for eit levande demokrati.
Smarttelefon hengjande frå heisekran. Fuglar og snakkebobler kjem ut av telefonen. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er mediestruktur?

Norsk mediestruktur er eit resultat av mediesystemet vi har i Noreg. Det handlar om korleis media er organiserte, og kva som kjenneteiknar forholdet mellom ulike medieaktørar. Mediestrukturen i Noreg er i stadig endring.

Eigarskap, storleik og koplingar mellom ulike medium er viktige omgrep når vi skal forstå mediestruktur. Andre relevante faktorar er talet på medietilbydarar, kjønn og etnisitet blant journalistar og dessutan geografisk redaksjonell spreiing.

Den norske mediemarknaden

Avismarknaden

Avismarknaden har cirka 290 tilbydarar. Av desse rettar 265 seg mot regionale eller lokale marknader, og resten mot den nasjonale marknaden. Målt etter opplag har Schibsted den klart sterkaste posisjonen nasjonalt og Amedia lokalt/regionalt.

Radiomarknaden

Dei tre store eigarane NRK, Viaplay Group og Bauer Media har etablert ei rekkje nye kanalar, og talet på riksdekkjande radiokanalar har auka frå 5 til 32 etter digitaliseringa i 2017. Lokalradiomarknaden består av små og store aktørar over heile landet. Til saman er det rundt 400 innhaldskonsesjonar på FM og DAB, og talet aukar stadig.

TV-marknaden

NRK, TV 2, Discovery og Viaplay Group er dei største eigarane i den nasjonale TV-marknaden. Allmennkringkastarane NRK og TV 2 er klart størst. Den lokale TV-marknaden er i endring, spesielt sidan levande bilete har blitt ein vesentleg del av tilbodet til lokalavisene.

Kjønnsbalanse

Kjønnsbalansen i norske redaksjonar aukar, men fordelinga er framleis svært skeiv på redaktørnivå. 45 prosent av journalistane er kvinner (2019). Blant norske redaktørar er framleis berre éin av fire kvinner (2019).

Infrastruktur

Infrastrukturen for å kunne få medieinnhald er godt utbygd i Noreg. Nesten heile befolkninga har tilgang til fleire riksdekkjande kringkastingsnett. Dekningsgrada for det digitale bakkenettet (TV og radio) er over 98 prosent, mens dekningsgrada for dei to nasjonale radionetta på DAB er 99,5 og 92,8 prosent.

86 prosent av befolkninga har tilgang til breiband, og 98 prosent har innandørs 4G-dekning.

Kjelde: Medietilsynet. Mediemangfoldsregnskapet 2020.

Kva påverkar mediestrukturen?

Økonomiske forhold, tilgang på teknologi og mediepolitikk har innverknad på mediestrukturen.

Økonomi og tilgang på teknologi

Den digitale medieutviklinga har ført til store strukturelle endringar for media dei siste åra.

Mange annonsørar har flytt pengar frå tradisjonelle medium som aviser, TV og radio til Google og sosiale medieplattformer. Svekt inntektsgrunnlag har ført til nedbemanning og omstilling for mange nyheitsmedium. Redaksjonane har blitt tappa for ressursar, og mange journalistar har mist jobbane sine.

For dagens nyheitsmedium er det viktig å vere til stades på sosiale plattformer for å nå ut til mange. Sosiale medium har blitt sentrale kjelder til nyheiter. Aktørane i den norske mediemarknaden konkurrerer med store globale aktørar, både om annonseinntekter og om å tiltrekkje seg brukarar.

Mediepolitikk

Politiske avgjerder får òg konsekvensar for norsk mediestruktur og mediemangfald. I Noreg har staten ansvar for å gi alle borgarar tilstrekkeleg informasjon og reell ytringsfridom.

For å sikre eit variert medietilbod og styrkje demokratiet gir staten mellom anna økonomisk støtte til utvalde aviser over heile landet. Desse støtteordningane blir kalla pressestøtte. Føremålet med pressestøtta er å sikre eit mangfald av aviser.

Mediemangfald på fleire plan

Mediestruktur har betydning for demokratiet. Eit mangfaldig medietilbod er eit viktig prinsipp for eit levande demokrati. Redaktørstyrte medium har eit viktig samfunnsoppdrag og skal leggje til rette for ein open og opplyst offentleg samtale. Eit breitt medietilbod med mange ulike aktørar innanfor avis, radio og TV kan gjere befolkninga meir opplyst og kritisk.

Kvinner og menn i ulike aldrar sit i sofaer og på puffar. Kvar av dei ser på anten ei avis, eit nettbrett eller ein smarttelefon. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

1) Avsendarmangfald

Noreg har avsendarmangfald, med ein rik avisflora og eit breitt medietilbod innanfor radio- og TV-marknaden. Avsendarmangfald handlar om at det skal vere eit mangfald av ulike medium og kanalar i marknaden.

Det handlar òg om dei tilsette i mediebedriftene. Kjønn, alder og etnisitet blant journalistar er forhold som kan få konsekvensar for innhaldet som blir produsert.

Dessutan blir avsendarmangfaldet påverka av geografisk spreiing av redaksjonar og nærvær i heile landet.

Norsk mediepolitikk skal leggje til rette for at det ikkje er for sterke eigarskapsinteresser i marknaden. Dei siste åra har vi sett ein tendens til stadig større eigarkonsentrasjon i den norske mediemarknaden. Dette kan få negative konsekvensar. Viss ein eigar har økonomisk kontroll over ein for stor del av mediemarknaden, kan det presse ut andre, mindre aktørar og dermed avgrense mediemangfaldet.

2) Innhaldsmangfald

Tre unge med ulik etnisitet ser på ein smarttelefon. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Opplyste samfunnsborgarar er avhengige av eit variert og breitt medietilbod. Eit variert utval av informasjon, meiningsytringar og underhaldning gjer oss oppdaterte og i stand til å ta gjennomtenkte val og avgjerder.

Innhaldsmangfald handlar om kva som blir tilbode av innhald og tenester frå medieaktørane. Eit breitt innhaldsmangfald skal sikre at media er relevante for ulike grupper og miljø, og at dei fungerer som talerøyr for og varetek interessene til heile befolkninga.

Eit avgrensa mediemangfald kan gå utover informasjonsfunksjonen til media. Det kan føre til at informasjon og hendingar ikkje blir belyste frå ulike sider. Avgrensa mediemangfald kan òg gjere det vanskelegare å overvake styresmaktene og avsløre maktmisbruk.

3) Bruksmangfald

Jente med hovudtelefonar og nettbrett. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bruksmangfald handlar om kva medieinnhald som blir teke i bruk. Dette kan vere eit mål på korleis publikum blir eksponert for avsendar- og innhaldsmangfaldet til media. Idealet er at mediebruken i befolkninga skal fordele seg på mange ulike medium.

Viss publikum berre nyttar seg av nokre få medium, kan det føre til polarisering. Då kan brukarane bli trekte mot ytterpunkt og motstridande oppfatningar få auka tyngd. Viss vi er kjeldekritiske og hentar informasjon og nyheiter frå mange ulike medium og kjelder, kan det motverke polarisering.

Eit snevert og einsidig medietilbod kan òg føre til fragmentering, eller oppstykking, av medieinnhald. Viss vi berre søkjer medieinnhald som støttar opp om bestemte meiningar, kan vi gå glipp av motargument og kritiske stemmer.

Fragmentering kan òg resultere i ein ekkokammereffekt. Det vil seie at medieinnhaldet blir prega av repetert kommunikasjon mellom likesinna, slik at ein får stadfesta eigne synspunkt.


Kjelder

Asbjørnsen, D. mfl. (2018). Hallo. Medier og kommunikasjon 2. Oslo: Aschehoug & Co.

Asbjørnsen, D. mfl. (2017). Hallo. Medier og kommunikasjon 1. Oslo: Aschehoug & Co.

Medietilsynet. (2021). Allmennkringkasting. Henta 22. februar 2021 frå https://www.medietilsynet.no/mediebildet/allmennkringkasting/

Medietilsynet (2020). Mediemangfoldsregnskapet 2020. Henta 22. februar 2021 frå medietilsynet.no/om/aktuelt/medietilsynet-med-nytt-mediemangfoldsregnskap-sterkt-avsendermangfold-men-krevende-for-de-sma-aktorene/

Schwebs, T., Ytre-Arne, B., Østbye, H. (2020). Media i samfunnet. Oslo: Det Norske Samlaget.





CC BY-SASkrive av Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 22.02.2021

Læringsressursar

Norsk mediepolitikk og mediestruktur