Reflekter over norsk mediepolitikk
Staten har eit overordna ansvar for å fremje ytringsfridom og demokrati ved å leggje til rette for ein open og opplyst offentleg samtale. Politikarane har ulike verkemiddel dei kan nytte for å sikre dette.
Gå saman i grupper på 3–4 elevar, og jobb med oppgåvene under.
På kva måte legg desse mediepolitiske måla til rette for ein open og opplyst samfunnsdebatt?
- Staten skal sikre at befolkninga har tilgang til eit breitt utval av plattformer og ytringsmoglegheiter.
- Staten skal sikre at media er relevante for ulike grupper og miljø.
Reflekter rundt måla i gruppa, vis til konkrete døme, og trekk linjer til samfunnsrolla media har i Noreg.
Kva verkemiddel innanfor mediepolitikk kan politikarane ta i bruk for å nå mål 1 og 2? Bør politikarane bruke verkemiddel innanfor økonomi, regulering eller prinsippet om allmennkringkasting? Grunngi svaret.
Korleis kan mediepolitikk påverke mediemangfaldet i Noreg (avsendar-, innhalds- og bruksmangfald)?
Diskuter desse spørsmåla:
- Korleis blir ungdom påverka av mediepolitikk?
- Korleis blir mediepolitikken påverka av mediebruken til unge?
Presenter ulike argument, og vis til konkrete døme.
Relatert innhald
Mediepolitikk inneber at styresmaktene skal leggje til rette for eit ope og opplyst offentleg ordskifte og fremje mediemangfald og kritisk medieforståing.