Oppgåve
Presentasjon om norsk mediepolitikk
Mediepolitikk handlar om at staten skal leggje til rette for ein open og opplyst offentleg samtale. Politikarane er usamde om kva tiltak som er naudsynte for å sikre dette. I denne oppgåva skal du lage ein presentasjon som handlar om mediepolitikken til eit politisk parti.
1) Lag ein presentasjon om mediepolitikken til eit parti.
Ta for deg eit norsk politisk parti. Finn ut kva partiet meiner om mediepolitikk. Studer partiprogrammet og finn informasjon frå andre, sikre kjelder. Lag ein digital presentasjon der du viser til konkrete saker.
I presentasjonen skal du gå inn på desse punkta:
- det mediepolitiske målet til partiet
- partiet sin bruk av eller partiet sitt syn på mediepolitiske verkemiddel, til dømes pressestøtte og regulering
- partiet sitt syn på allmennkringkasting
- mål for mediepolitikken i framtida
2) Øv deg på presentasjonen.
Hald presentasjonen for personen du sit ved sida av. Reflekter deretter rundt desse spørsmåla saman:
- Kva konsekvensar får partiet sin mediepolitikk for dykk som unge mediebrukarar?
- Kva er de samde/usamde med partiet i når det gjeld mediepolitiske mål?
- Kva er de samde/usamde med partiet i når det gjeld syn på allmennkringkasting?
- Korleis var det å finne informasjon om mediepolitikken til partiet? Var det utfordrande, eller var informasjonen lett tilgjengeleg?
- Kva seier det om partiet si prioritering av mediepolitikk?
3) Hald presentasjonen for resten av klassen.
Relatert innhald
Fagstoff
Norsk mediepolitikk og politiske verkemiddelMediepolitikk inneber at styresmaktene skal leggje til rette for eit ope og opplyst offentleg ordskifte og fremje mediemangfald og kritisk medieforståing.