Hopp til innhald

Fagstoff

Demokrati og desinformasjon

Når vi snakkar om desinformasjon og propaganda, tenkjer vi gjerne på autoritære regime. Likevel ser vi at desinformasjon spreier seg, også i liberale samfunn. Nokon hevdar at vi lever i ei postfaktuell tid. Kva følgjer får det for demokratiet?

Desinformasjon, falske nyheiter og "alternative fakta"

Desinformasjon er informasjon frå ein avsendar som bevisst prøver å fordreie fakta. Men all feilinformasjon er ikkje desinformasjon. Noko kjem til dømes av at avsendaren manglar kunnskap, at avsendaren formulerer seg på ein klønete måte, eller at informasjon blir send ut ved ein feil. I slike tilfelle snakkar vi om feilinformasjon eller misinformasjon.

Eit anna omgrep som blir brukt om desinformasjon, er falske nyheiter. Bente Kalsnes definerer omgrepet falske nyheiter slik: nyheiter som verkar ekte, men som heilt eller delvis er baserte på løgn.

Formuleringa "alternative fakta" blei lansert av presidentrådgivar Kellyanne Conway i 2017 for å dekkje over ei av president Trump sine mange løgner. Omgrepet blei raskt teke i bruk i miljø som stiller seg kritiske til etablert vitskap og den politiske makteliten, først og fremst i USA, men etter kvart òg andre stader i verda.

Kvifor vel nokon å spreie desinformasjon?

Den teknologiske utviklinga gjer at vi i dag druknar i informasjon. Det kan vere vanskeleg å sortere denne informasjonen og vite kva vi skal tru på, og kva vi skal forkaste. I sosiale medium er det lett å late seg bruke til å spreie desinformasjon dersom vi ikkje tek oss tid til kjeldekritikk.

Nokon hevdar at desinformasjon får fotfeste og blir spreidd vidare fordi samfunnsborgarane ikkje lenger har tillit til den intellektuelle og politiske eliten. Det kan lett skje i land med store sosiale forskjellar. Folk som i lita grad får del i samfunnsgoda, kan tenkje at dei eigentleg blir lurte av ein elite som først og fremst er oppteken av å sikre eigne privilegium. Som eit mottrekk konstruerer dei si eiga verkelegheitsoppfatning basert på kjensler og erfaringar.

Men spreiing av desinformasjon kan òg vere styrt av autoritære styresmakter, grupperingar som ønskjer å ramme bestemte folkegrupper, eller grupperingar som vil destabilisere samfunnet og rane til seg makt.

Store norske leksikon definerer propaganda som planlagd og bevisst manipulering av folk sine kjensler og tankar ved hjelp av sterke verkemiddel for å fremje bestemte oppfatningar og handlingsmønster.

Demokratiet i ei postfaktuell tid

Omgrepet postfaktuell tid blir brukt om ein tilstand der fakta ikkje lenger blir lagde til grunn for måten vi tenkjer og handlar på. I eit postfaktuelt samfunn er det ikkje lenger fakta som veg tyngst i samfunnsdebatten, men debattanten sine eigne kjensler, meiningar og preferansar.

Demokratiet, slik vi til no kjenner det, byggjer på ei felles anerkjenning av fakta. Det er eit styresett basert på velinformerte val tekne av opplyste borgarar. Utdanning av heile befolkninga har derfor alltid vore ein viktig føresetnad for eit fungerande demokrati.

Fakta kan tolkast på ulike måtar ut frå politisk ståstad, og politikarane er ofte rykande usamde om kva tiltak som er best. Problem oppstår når nokon vel å sjå heilt bort frå vitskaplege fakta, og heller baserer den politiske oppfatninga si på eigne kjensler, på populære oppfatningar eller på konspirasjonsteoriar som appellerer til veljarane.

Media si rolle i ei postfaktuell tid

Journalistikk handlar om å formidle fakta. Slik bidreg dei redaksjonelle media til den opplyste samtalen i eit demokrati. "Kommentaren er fri, men fakta er heilage", sa C.P. Snow, den legendariske redaktøren av The Guardian. I mediekommentaren Donald, du lyg (2017) spør Sven Egil Omdal kva journalistane skal gjere når vanleg faktasjekk ikkje lenger har noka betydning i postfaktuelle samfunnet.

Han svarer ved å vise til Christiane Amanpour, stjernereporter i CNN. Ho hevdar at dei redaksjonelle media må slutte å anstrengje seg for å vere nøytrale og heller skjerpe evna og viljen til å vere sannferdige. Ein laust fundert konspirasjonsteori bør ikkje få same redaksjonelle plass som ein forskingsrapport som 99 % av forskarane i verda står bak, uansett kor sensasjonell han måtte vere.

Kva er sanning?

Sanning er eit problematisk omgrep, fordi nokon vil oppleve ein konspirasjonsteori som like "sann" som ein teori basert på vitskapleg forsking. Fakta kan derimot etterprøvast. Mange redaksjonelle medium har derfor lagt vekt på å faktasjekke påstandar som blir sette fram i den offentlege samtalen. I Noreg utfører Faktisk.no faktasjekk på vegner av Polaris Media, Amedia, TV 2, NRK, Dagbladet og VG. Ironisk nok har nokon i etterkant oppretta nettsida faktiskfakta.no, som bevisst prøver å undergrave truverdet til faktasjekkarane.

Sosiale medium – ein årestad for "alternative fakta"

Sosiale medium er ein viktig reiskap for dei som ønskjer å spreie desinformasjon. Her kan òg menneske som ikkje lenger stoler på styresmaktene, i fellesskap utvikle teoriar om korleis ting ut frå eigne erfaringar "eigentleg" heng saman. Når du ikkje har tillit til politikarar, arbeidsgivaren din eller legen din, er det freistande å søkje etter "alternative fakta".

Viktige omgrep

Kjelder

Kalsnes, B. (2019). Falske nyheter – løgn, desinformasjon og propaganda i den digitale offentligheten. Oslo: Cappelen Damm Akademisk.

Løkke, E. (2016). Donald Trump og det postfaktuelle demokrati. Civita. Henta 29. januar 2021 frå https://www.civita.no/2016/03/19/donald-trump-og-det-postfaktuelle-demokrati

Omdal, S.E. (2017). Donald, du lyver! NDLA. Henta 29. januar 2021 frå https://ndla.no/nb/subject:14/topic:1:186530/topic:1:186327/resource:1:172954?filters=urn:filter:94dfe81f-9e11-45fc-ab5a-fba63784d48e

Samset, K. (2019). Sanne fakta, alternative sannheter – og det komplette nonsens. NTNU. Henta 29. januar 2021 frå https://www.ntnu.no/documents/1261860271/1292414587/alternative+sanningar+-+sanne+fakta+og+det+komplette+nonsenset.PDF/dafe6fef-f6e7-1844-fcb5-09551865e97c?t=1583135602450

Skirbekk, S. (2020). Propaganda. I Store norske leksikon. Henta 29. januar 2021 frå https://snl.no/propaganda

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 09.05.2023

Læringsressursar

Falske nyheiter og konspirasjonsteoriar