Kva meiner folk om falske nyheiter?
- Ta utgangspunkt i kjeldene og gi eit kort samandrag av Medietilsynet sine undersøkingar om falske nyheiter. Kjelder
Medietilsynet offentleggjorde i april 2017 ei undersøking om falske nyheiter: Medietilsynet om falske nyheter
Ny undersøking frå Medietilsynet i 2021: Sju av ti er usikre på om informasjonen de finner på internett er sann
- Kva meiner du er det viktigaste i desse undersøkingane? Grunngi svaret.
Kulturkommentator Agnes Moxnes kommenterte den første undersøkinga slik:
– Det er interessant, men også ganske dyster lesning, for først og fremst sier denne undersøkelsen at nordmenn flest mener at nyhetsformidling, både på nett og via de tradisjonelle mediene, like gjerne kan være oppspinn som fakta.
Er du einig eller ueinig i kommentaren hennar til undersøkinga?
Samanlikn svara i den undersøkinga som de sjølve svarte på i oppgåva "Er du ein kritisk nyheitskonsument?", med undersøkinga over til Medietilsynet.
De finn resultatet av eiga undersøking her: Svar på elevundersøking om falske nyheiter
- Kva er likt og kva er ulikt i det dei to undersøkingane viser?
- Korleis vil de forklare eventuelle skilnader? Diskuter dette med ein medelev.
Relatert innhald
Nokre enkle refleksjonsspørsmål og ei spørjeundersøking om falske nyheiter.