Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Utforsk: Kvifor kan konspirasjonsteoriar vere farlege?

Konspirasjonsteoriar kan vere ein trussel for menneske, samfunn og demokratiet. I denne oppgåva skal de ta utgangspunkt i ein konspirasjonsteori og utforske korleis han kan vise seg å vere farleg.
Tre menn poserer med amerikanske flagg og høgreradikale symbol i ei offisiell bygning. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tips

Les desse to artiklane før de startar:

Del 1: Gruppeoppgåve

Gå saman to og to eller tre og tre. Kvar gruppe vel seg ein konspirasjonsteori og set seg inn i denne. Bruk gjerne artikkelen Kjende konspirasjonsteoriar som utgangspunkt. Deretter skal de gjere desse oppgåvene:

  1. Finn ulike kjelder som skildrar hendinga eller fenomenet konspirasjonsteorien tek føre seg.

  2. Ta ein kjeldesjekk på kjeldene de har funne. Bruk hugseregelen TONE.

  3. I artikkelen Korleis avsløre ein konspirasjonsteori? er det seks kjenneteikn på konspirasjonstenking. Kor mange av desse kjenner de igjen?

  4. Presenterer konspirasjonsteorien eit fiendebilete eller ein skjult "elite" som eigentleg sit med makta? Kven er i så fall desse fiendane eller denne eliten?

  5. Har konspirasjonsteorien hatt nokon alvorlege konsekvensar? I så fall kva for nokre?

  6. I kva grad har konspirasjonsteorien potensial til å vere ein trussel for andre menneske eller for demokratiet?

Del 2: Presentasjon i plenum

Alle gruppene presenterer konspirasjonsteorien "sin" for resten av klassen og deler det dei har funne ut.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Tor Ivar utvik.
Sist fagleg oppdatert 30.03.2022

Læringsressursar

Falske nyheiter og konspirasjonsteoriar