Hopp til innhald

Fagstoff

Kvifor er konspirasjonsteoriar farlege?

Konspirasjonstenking og konspirasjonsteoriar kan vere farlege, både for enkeltindivid og for samfunnet. I kva grad truar slike teoriar demokratiet vårt?
Samling av folk med hjelm på hovudet i eit bymiljø. Frå nokre bygningar stig det opp røyk som fargar himmelen grå. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Konspirasjonsteoriar – underhaldning eller noko farleg?

Konspirasjonsteoriar er eit viktig element i populærkulturen, og vi finn igjen temaet i mange filmar og seriar. Det er eit dramatisk potensial i konspirasjonsteoriar, dei er som skapte for å underhalde publikum. Spenninga ligg i å avdekke ei sanning ingen andre ser.

Mange konspirasjonsteoriar som vi kan finne på internett eller i ulike forum, til dømes teorien om at Elvis lever, eller at jorda er flat, kan verke uskuldige og morosame. Men dei som trur på éin konspirasjonsteori, er meir tilbøyelege til å tru på andre konspirasjonsteoriar òg, og desse teoriane har kanskje ein mørkare bodskap. Enkelte teoriar har potensial til å bli farlege, særleg dersom nokon trur at nokon har skjult den eigentleg sanninga.

Andre konspirasjonsteoriar er openbert farlegare. Spesielt gjeld dette teoriar som peikar ut ei bestemd gruppe menneske eller ein organisasjon som fiendar. Folkemordet på jødane (Holocaust) bygger på ein antisemittisk konspirasjonsteori. Holocaust er det mest ekstreme dømet på kva ein konspirasjonsteori kan føre til.

Relatert innhald

Konspiratorisk tankegang

Det er vanskeleg å seie heilt sikkert om det er fleire konspirasjonsteoriar no enn før, men på grunn av internett spreier dei seg i dag mykje raskare og breiare utover. Konspirasjonsteoriar har blitt meir kjende, og det er større sjanse for at du møter på dei i kvardagen.

Konspirasjonsteoriar spreier seg gjerne som laust konspirasjonssnakk, det vil seie i samtalar der mistillit mot elitane i samfunnet og konspirasjonsteoretiske spørsmål blir løfta fram. Dette kan vere lause samtalar på pauserommet, i friminuttet eller i internettforum. Det er lett å finne ekkokammer der menneske som deler same mistillitskjensle og fiendebilete, møtest. Dei fleste som trur på konspirasjonsteoriar, har ikkje sett seg nøye inn i dei, men dei trur at den offisielle sanninga ikkje stemmer.

Konspirasjonsteoriar kan true demokratiet

Konspirasjonstru i eit samfunn kan vere eit tidleg varsel på at det er noko gale i samfunnet – eit symptom på aukande misnøye og skepsis mot demokratiet i seg sjølv eller på at sårbare og undertrykte grupper i samfunnet kjenner seg .

Konspirasjonstru er det motsette av kritisk tenking og kan danne grunnlag for hat og mistillit. I mange tilfelle er konspirasjonsteoretikarar meir opptekne av å svekke offisielle forklaringar ved å spreie mistillit enn av å bevise sine eigne teoriar. For enkelte kan konspirasjonstru føre til at vald i større grad kan rettferdiggjerast.

Vi veit at kriser og uvisse gjer folk meir mottakelege for konspirasjonstenking. Ein konspirasjonsteori som tek føre seg ein akutt krisesituasjon som krev omgåande handling, kan til og med bidra til å radikalisere tilhengarar av konspirasjonsteoriar.

Det er dessutan eit menneskeleg trekk å vere kritisk til omgivnadene sine og leite etter mønster og samanhengar. For nokon kan det ligge eit element av spenning i å få innblikk i noko som verkar skjult og hemmeleg. For desse personane kan konspirasjonsteoriar vere spennande og noko som stadfestar det eksisterande verdssynet deira.

Angrepet på Kongressen i USA

Konspirasjonsteoriar i kombinasjon med falske nyheiter, låg demokratisk tillit og radikalisering kan få farlege konsekvensar for samfunnet og demokratiet.

I 2021 storma tilhengarar av den tidlegare presidenten, Donald Trump, Kongressen i USA for å hindre at valvinnaren, Joe Biden, skulle bli godkjend som president.

Tre menn poserer med amerikanske flagg og høgreradikale symbol i ei offisiell bygning. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Før storminga av Kongressen hadde Donald Trump og medarbeidarane hans spreidd ulike konspirasjonsteoriar om valfusk. Fleire av dei som storma kongressbygninga, var medlemmer av QAnon, som mellom anna meiner at det eksisterer ein djupstat som i løyndom styrer USA. Denne djupstaten skulle ifølge QAnon ha hindra Trump i å vinne valet.

Pizzagate

Ein variant av same konspirasjonstenking fekk konsekvensar i 2016 då ein væpna mann ved namn Edgar Maddison Welch gjekk inn i ein restaurant i Washington for å leite etter offer i eit pedofilt nettverk. Nettverket skulle visstnok vere leidd av Hilary Clinton og Demokratane, og konspirasjonsteorien om dette har blitt kjend som Pizzagate. Etter å ha avfyrt skot og leitt etter hemmelege gangar og rom der barn skulle vere gøymde, gav Welch opp og overgav seg til politiet.

Førestillinga om at Demokratane skulle ha ein pedofiliring og drive med barneslaveri, hadde sirkulert over tid mellom anna i QAnon-miljø og på alternative nyheitssider på nettet. Edgar Welch ønskte ikkje å drepe uskyldige menneske, men ville redde barn. Pizzagate er tilbakevist som ein konspirasjonsteori, men det finst framleis konspirasjonsteoretikarar som meiner at styresmaktene hadde iscenesett alt for å svekke omdømmet deira.

Terror i Noreg

Konspirasjonsteoriar, og spesielt teorien om , stod sentralt hos Anders Behring Breivik då han gjennomførte terrorangrepet i Noreg 22. juli 2011. Breivik hadde eit svært konspiratorisk verdsbilete, og dei aller fleste har teke avstand frå handlingane hans.

Denne terrorhandlinga i Noreg viser kva som kan skje om konspirasjonstenking kjem ut av kontroll.

"How Democracies Die"

Statsvitarane Steven Levitsky og Daniel Ziblatt skildrar i boka How Democracies Die korleis demokrati kan bli øydelagde frå innsida og gradvis bli erstatta av autoritære styreformer. Konspirasjonsteoriar og konspirasjonstenking er ofte ein del av prosessane som svekker demokratiet.

Demokratiet kan bli øydelagt dersom styresmaktene

  1. ikkje støttar demokratiske prosessar

  2. nektar for legitimiteten til politiske motstandarar

  3. støttar eller oppmuntrar valdsbruk

  4. avgrensar rettane til media og dei politiske motstandarane

Undersøk

Finn døme på korleis konspirasjonsteoriar har bidrege til å undergrave demokrati. Ta til dømes utgangspunkt i storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

Konspirasjonsteoriar og farlege miljø i Noreg

I Noreg fryktar vi at konspirasjonsteoriar skal bidra til radikalisering av enkelte miljø. Politiets tryggingsteneste (PST) meiner at covid-19-pandemien kan ha bidrege til å auke faren for dette. Ifølge PST ser vi at høgreekstreme miljø tilpassar bodskapen sin i form og innhald for å trekke til seg nye tilhengarar.

Konspirasjonsteoriar om ein såkalla New World Order og djupstaten, der verda blir styrt av ein hemmeleg global elite, har fått fotfeste i Noreg. Dei antistatlege miljøa har ein skepsis mot styresmakter og demokratiet, og desse miljøa har vakse i takt med vaksinemotstand og smitteverntiltak i Noreg.

I konspirasjonsmiljø har slike teoriar blitt kopla til tanken om at det må vere ein skjult agenda bak pandemien. Høgreekstreme miljø har igjen kopla dette til at det eigentleg er jødane som står bak. Teoriane får dermed eit preg, der styresmakter, også dei norske, svarer til ein jødiske elite heller enn til befolkninga.

Kjelder

Aanensen, K. og Tvegård, A. (2016. 7. desember). #Pizzagate – konspirasjonsteorien som endte i restaurantskyting. I NRK.no. Henta frå https://www.nrk.no/urix/_pizzagate-_-konspirasjonsteorien-som-endte-i-restaurantskyting-1.13261384

Dyrendal, A. og Emberland, T. (2019). Hva er konspirasjonsteorier? Universitetsforlaget.

Jacobsen, S.E. (2021, 15. januar). Nå vet forskerne mer om hvem som tror på konspirasjonsteorier. I Forskning.no. Henta frå https://forskning.no/psykologi/na-vet-forskerne-mer-om-hvem-som-tror-pa-konspirasjonsteorier/1798218

Krekó, P. (2020). Countering conspiracy theories and misinformation. I Butter, M. & Knight, P. Routledge.

Levitsky, S. og Ziblatt, D. (2018). How Democracies Die. Penguin Books.

Owe, J.R. (2020, juni). Konspirasjonsteorier. I 22. juli-senteret. Henta frå https://files.nettsteder.regjeringen.no/wpuploads01/blogs.dir/251/blir filte/2020/10/Konspirasjonsteorier_kjelder.PDF

Politiets tryggingsteneste (2021, 20. juli). PST-rapport: "10 år siden 22. juli – sentrale utviklingstrekk innen høyreekstremisme. I PST.no. Henta frå https://www.pst.no/globalassets/rapporter-2021/pst-rapport-10-ar-siden-22.-juli---sentrale-utviklingstrekk-innen-hoyreekstremisme.PDF

Introduksjon til konspirasjonsteorier (u.å.). I Tenk –Faktisk.no. Henta frå https://tenk.faktisk.no/undervisningsopplegg/introduksjon-til-konspirasjoner

CC BY-SASkrive av Tor Ivar Utvik.
Sist fagleg oppdatert 14.10.2021

Læringsressursar

Er konspirasjonsteoriar farlege?