Hopp til innhald

Dokumentarfilm

Feels Good Man

Dokumentarfilm om den grøne frosken Pepe, mem (engelsk: memes), nett-troll og kampen til ein teikneserieskapar for å verne sitt eige åndsverk.

Om filmen

Filmen følgjer Matt Furie, som er ein teikneserieskapar frå San Fransisco i USA. Han har alltid likt å teikne froskar. I 2006 gav han ut teikneserien Boy's club. I teikneserien møter vi den grøne frosken Pepe og venene hans.

Matt byrjar snart å få e-post frå fans som har byrja å bruke Pepe på nettsida si, i mem, i musikk dei har laga eller i eigne teikningar. Pepe byrjar å bli populær, og Matt ser på det heile som uskyldig moro.

Etter kvart finn frosken Pepe vegen til nettforumet 4chan. Pepe utviklar seg til å bli ein slags maskot for Trump-supporterar, høgre-ekstremistar, rasistar og kvit-maktgrupperingar. Den grøne frosken blir òg ei viktig brikke i den amerikanske valkampen i 2016.

Kampen om Pepe

Då Matt Furie skapte Pepe, var frosken meint å vere ein uskyldig og snill frosk. Etter at Pepe blei oppdaga på 4chan, blei teikneseriefiguren brukt til å spreie konspirasjonsteoriar og hat.

Då Matt ein dag oppdagar at nokon held på å gi ut ei islamofobisk barnebok med Pepe som hovudkarakter, bestemmer han seg for å gå rettens veg for å verne åndsverket sitt.

Viktig samfunnskommentar

Dokumentarfilmen Feels Good Man belyser korleis falske nyheiter og konspirasjonsteoriar kan spreie seg frå mørke krokar på internett og inn i den politiske valkampen. Filmen bruker ekspertar som forskarar og psykologar til å forklare korleis Pepe enda opp som ein ikonisk symbolfigur for den amerikanske høgrerørsla.

Filmen belyser korleis åndsverk kan bli misbrukt i kommersielle samanhengar eller til inntekt for destruktive hatytringer. Det er vanskeleg å rydde opp i etterkant dersom åndsverket ditt går viralt på internett utan at du som opphavsperson har kontroll.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Anne Cathrine Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 18.10.2023

Læringsressursar

Falske nyheiter og konspirasjonsteoriar