Hopp til innhald
Oppgåve

Lag dykkar eigen konspirasjonsteori

Konspirasjonsteoriar har ulike tema og kan ta utgangspunkt i nesten kva som helst. Dei er bygde opp etter enkle retningslinjer og har nokre kjenneteikn som ofte går igjen. Følg denne "oppskrifta" og konstruer dykkar eigen konspirasjonsteori.

Del 1: Førebuing

Les desse artiklane før de startar:

Del 2: Gruppeoppgåve

Gå saman i små grupper. Kvar gruppe vel ei hending som har skjedd i det siste, og som har prega nyheitsbiletet. Det kan vere ei lokal, nasjonal eller global hending. Beskriv hendinga slik ho har blitt framstilt i media. Deretter skal de konstruere ei alternativ forteljing om det som har skjedd.

Følg oppskrifta nedanfor og lag dykkar eigen konspirasjonsteori. Denne skal de presentere for resten av klassen. Til slutt skal de diskutere spørsmål om det de har gjort.

Oppskrift

  1. Det er viktig at konspirasjonsteorien dykkar tek utgangspunkt i Michael Barkun sine tre kriterium for eit konspiratorisk verdsbilete: Ingenting skjer tilfeldig. Ingenting er det det ser ut til å vere. Alt heng saman med alt.

  2. Kan det vere nokon djupare, underliggande interesser som styrer hendingane? Følg "skjulte" spor som kan leie til desse aktørane eller personane.

  3. Kven tener på det som skjer? Kan de til dømes følge pengane og sjå kvar dei fører dykk?

  4. Er det nokon vonde krefter i samfunnet, nokon grupper eller personar som denne hendinga kan knytast til? Kan ho koplast til andre hendingar?

  5. Kva bevis finn de? Er det ei skjult sanning her som berre de ser?

  6. Er det nokon aktørar, personar eller organisasjonar som prøver å skjule sanninga de har avdekt?

  7. Konspirasjonsteoriar har mange kjenneteikn. Desse kan de lese om i artikkelen Korleis avsløre ein konspirasjonsteori?. Prøv å få med så mange av desse kjenneteikna som mogleg i forteljinga dykkar.

Del 3: Presentasjon og diskusjon i plenum

Alle gruppene presenterer konspirasjonsteorien sin for resten av klassen og deler det dei har funne ut. Til slutt skal de diskutere desse spørsmåla:

  1. Kor sannsynlege er konspirasjonsteoriane som har blitt presenterte?

  2. I kva grad trur de andre kunne blitt lurte av desse konspirasjonsteoriane?

  3. Kva likskapar finn de mellom dei konspirasjonsteoriane de har presentert, og andre, meir kjende konspirasjonsteoriar?

  4. Kan konspirasjonsteoriane de har presentert, vere farlege på nokon måte? Kven kan dei i så fall vere farlege for?

  5. Kor mange av kjenneteikna på konspirasjonsteoriar fekk de bruk for i forteljingane dykkar?

  6. Kor vanskeleg var det å konstruere ein eigen konspirasjonsteori?

  7. Kva ansvar har vi som medborgarar for å forhindre spreiing av konspirasjonsteoriar?

Relatert innhald