Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Digitalt spel: Go Viral!

Koronapandemien blei den første globale pandemien i den digitale tidsalderen. På internett finst det mykje desinformasjon om sjukdommen og vaksinar. Spelet Go Viral! hjelper deg å møte vanlege knep som blir brukte for å spreie falske opplysningar.
To demonstrantar held oppe eit stort laken der det står på engelsk: "Vi vil ikkje la oss sensurere, teste, spore, chippe eller forgifte for å støtte opp under denne iscenesette løgna. Dette skal ikkje vere den nye normalen. Vi samtykker ikkje." Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Koronapandemien og desinformasjon

Sidan våren 2020, då koronapandemien stengde samfunnet, har sosiale medium blitt brukte til å spreie mengder av desinformasjon, konspirasjonsteoriar og falske nyheiter om covid-19 og vaksinar. Etter at Russland invaderte Ukraina i februar 2022, roa spreiinga seg ned, mens falske nyheiter og desinformasjon om krigen i Ukraina tok over. Ifølge faktisk.no finst det ei rekke døme på at aktørar som tidlegare spreidde desinformasjon om vaksinar, òg har spreidd russisk propaganda om krigen i Ukraina. Kvifor er det slik?

Vi kan finne mange likskapstrekk dersom vi samanliknar desinformasjonen som er spreidd om koronapandemien og krigen i Ukraina. I spelet Go Viral! lærer du meir om strategiane og tankegangen til dei som står bak og spreier konspirasjonsteoriar, falske nyheiter og desinformasjon. Det vil gjere deg betre rusta til å kjenne igjen triksa neste gong du møter på falske opplysningar i sosiale medium.

Falske nyheiter og kritisk tenking

Falske nyheiter og desinformasjon er ei stor utfordring i dagens samfunn. For å kunne avsløre falske nyheiter må vi kunne tenke kritisk og kjenne igjen typiske teknikkar for å spreie usanningar på internett.

Les meir om falske nyheiter og kritisk tenking:

Lærarrettleiing

Spelet tek 5–10 minutt.

Elevane kan spele åleine, men det blir tilrådd at dei speler parvis og diskuterer undervegs kva dei skal gjere. Undervegs i spelet bør elevane òg skrive ned kva teknikkar dei bruker.

Målet med spelet er å gjere elevane medvitne om nokre kjende teknikkar som blir brukte for å spreie desinformasjon, og om kor lett det er å manipulere informasjon.

Go Viral!

I spelet Go Viral! skal du spreie desinformasjon om koronapandemien og bruke ulike teknikkar og strategiar for å få så mange klikk og følgarar på sosiale medium som mogleg.

Her kan du spele Go Viral! Spelet tek 5–10 minutt.

Go Viral. A 5-minute game that helps protect you against covid.19 misinformation. Illlustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve

  1. Kva skår fekk du i spelet? Samanlikn med sidemannen, og diskuter vala de tok.

  2. Kva teknikkar brukte du i spelet? Kva teknikkar tenker du fungerer best for å spreie falske nyheiter, konspirasjonsteoriar og desinformasjon?

  3. Kva trur du motiverer folk til å skape og spreie falske nyheiter?

  4. Bruk nettaviser og sosiale medium. Finn du døme på falske nyheiter og desinformasjon om koronapandemien og aktuelle konfliktar. Kva likskapar og ulikskapar finn du?

  5. Kva har du lært etter å ha spelt Go Viral! og jobba med oppgåvene?

Oppsummer i plenum til slutt.

Kjelder

Basol, M., Roozenbeek, J. & Berriche, M. (2021, 11. mai). Towards psychological herd immunity: Cross-cultural evidence for two prebunking interventions against Covid-19 misinformation. I SAGA journals. Henta frå https://journals.sagepub.com/doi/full/10.1177/20539517211013868

DROG, 2020. Go viral! https://www.goviralgame.com/en

Skiphamn, S.S. & Lindin, I.K. (2022, 31. oktober). Fra falske nyheter om vaksiner til russisk propaganda. I Faktisk. Henta frå https://www.faktisk.no/artikler/jdp9q/fra-falske-nyheter-om-vaksiner-til-russisk-propaganda

CC BY-SASkrive av Tor Ivar Utvik.
Sist fagleg oppdatert 18.04.2022

Læringsressursar

Falske nyheiter og konspirasjonsteoriar