Hopp til innhald

Fagstoff

Kritisk tenking

Kva gjer du dersom læraren fortel deg at jorda er flat og viser til ein illustrasjon i læreboka som støttar opp under denne teorien? Aksepterer du det? Eller møter du påstanden med eit kritisk spørsmål?

Kvifor er kritisk tenking viktig?

Å kunne tenke kritisk er ein føresetnad for å kunne løyse praktiske utfordringar på ein fornuftig måte, for all vitskap, og for at eit demokratisk samfunn skal kunne fungere. I Noreg er det å øve seg i kritisk tenking derfor eit viktig prinsipp i opplæringa. Det er formulert slik i den overordna læreplanen som gjeld for alle norske skular:

Opplæringa skal gi elevane ei forståing av kritisk og vitskapleg tenking. Kritisk og vitskapleg tenking inneber å bruke fornufta på ein undersøkjande og systematisk måte i møte med konkrete praktiske utfordringar, fenomen, ytringar og kunnskapsformer. (Utdanningsdirektoratet, u.å.)

Jorda er flat?

Tenk deg at du flyttar til eit land med eit heilt anna skulesystem enn det vi har i Noreg. Læraren din har fullstendig autoritet i klasserommet, og læreboka du får tildelt, har fasitsvar på alle spørsmål, også spørsmål som handlar om religion, etikk og politikk. Ein dag seier læraren din at jorda har form som ein flat tallerken, og at det er farleg å segle så langt ut på havet at ein fell utfor kanten.

Kva gjer du då?

Aksepterer du blindt det læraren din seier, eller rekker du opp handa og seier: "Ja, men dette stemmer jo ikkje!"

Mest sannsynleg protesterer du, for i Noreg og mange andre land er evna til kritisk tenking avgjerande for måten vi tileignar oss kunnskap på.

Jorda teikna som ei flat skive. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Å vere ein kritisk samfunnsborgar

Lærer du deg å tenke kritisk, er du også i stand til å vurdere informasjon som du møter både på skulen og i fritida, til dømes i sosiale medium, i politiske debattar eller i marknadsføring.

Her er nokre spørsmål du kan stille deg sjølv:

  • Er det du høyrer og les, faktisk sant?
  • Er argumenta og premissa haldbare og framstillinga logisk?
  • Finst det ein eller fleire alternative teoriar eller forklaringar?
  • Kven har interesse av å påverke meiningane dine i denne saka?
  • Er informasjonen prega av ei bestemt politisk, religiøs eller vitskapeleg oppfatning?
  • Er denne informasjonen viktig, eller har han mindre betydning?
Ein blå rund klode stig opp over ein horisont som ser ut som eit ørkenlandskap. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Er jorda verkeleg flat?

For meir enn to tusen år sidan meinte dei greske filosofane Pytagoras og Aristoteles å kunne bevise at jorda var rund, gjennom å systematisk betrakte stjernehimmelen. Denne teorien har blitt bekrefta tallause gonger, både gjennom vitskapeleg observasjon og gjennom praktiske ekspedisjonar. Berre tenk på alle kommunikasjonssatellittane som i dag krinsar rundt jordkloden og sørgjer for at vi kan ta ned TV-signal via parabolantenner.

Det finst likevel ein del personar i vår tid som meiner at jorda er flat. I artikkelen "Derfor mener noen at jorda er flat" på Forskning.no forklarer forskaren Asheley Landrum korleis tilhengarane av flat-jord-teorien belegg synspunkta sine med informasjon dei hentar frå YouTube. Dei vel denne informasjonen framfor annan informasjon fordi han passar med dei oppfatningane dei har frå før, eller fordi dei er fascinerte av konspirasjonsteoriar. Enkelte bruker også observasjon av det dei ser rett rundt seg, som bevis. Horisonten ser då unekteleg ut som ein rett strek?

Lei av å bli lurt?

Du liker sikkert ikkje å bli lurt av andre, verken av dei menneska du omgår til dagleg, eller av medium eller politikarar. Ofte stiller du nok også kritiske spørsmål til det foreldre, lærarar og andre vaksne hevdar er rett. Det er ein viktig del av det å bli vaksen, og heilt naudsynt for at vi som samfunn skal strekke oss mot ny og betre kunnskap.

Men av og til lurer vi oss sjølve og gløymer å stille dei same kritiske spørsmåla til eigne tankar og meiningar eller til folk i vennekrinsen vår. Vi liker nemleg å omgi oss med menneske og informasjon som bekreftar at det vi sjølv trur og tenker, er riktig.

Skaff deg ein kritisk venn

Er du lei av å bli lurt, så skaff deg ein kritisk venn! Og ver sjølv ein kritisk venn for andre! Å vere ein kritisk venn handlar ikkje om å vere negativ til det den andre seier og gjer, men om å hjelpe han eller ho med å klargjere eigne tankar. Den rolla går det an å øve på.

Som fordjuping kan du lese kronikken "Kritisk tenkning er viktigere enn mange tror" av Vegard Havre Paulsen på nettstaden Forskersonen.

Kjelde

Utdanningsdirektoratet. (u.å.). Overordnet del. Kritisk tenkning og etisk bevissthet. Hentet 21. desember 2023 fra https://www.udir.no/lk20/overordnet-del/opplaringens-verdigrunnlag/1.3-kritisk-tenkning-og-etisk-bevissthet/?lang=nno

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 25.02.2020

Læringsressursar

Kritisk tenking og kjeldekritikk