Vitskap og kjeldekritikk
Når du les om forsking og vitskap bør du sjølvsagt vere like kjeldekritisk som elles. I tillegg til å vurdere truverdet og seriøsiteten til kjelda, er det viktig å vere klar over at noko som blir framstilt som vitskapleg, ikkje alltid er det.
![Gal forskar. Foto.](https://api.ndla.no/image-api/raw/korr_sy342c90.jpg?width=1024)
Nokre spørsmål du alltid bør stille deg
Når du les eller høyrer om noko som verkar vitskapleg, bør du stoppe opp og stille deg nokre kritiske spørsmål.
Vurder kjelda di
- Er det ei seriøs nettside (eller anna kjelde)?
- Er artikkelen gammal? Finst det nyare og betre forsking?
- Blir det sagt direkte at dette er vitskapleg? Baserer det seg på konkret forsking?
- Blir det opplyst kven som står bak forskinga? Viss ikkje, kan du ikkje ta denne kjelda seriøst.
- Seier tittelen noko anna enn hovudteksten? Sanninga blir ofte forvridd i titlane for at det skal verke meir sensasjonelt.
- Kan den som skriv, medviten ha framstilt resultata på ein forvridd måte for å skape merksemd?
- Prøver dei å selje eit produkt? Då er det grunn til å vere skeptisk.
- Har den som skriv, forstått forskingsresultata? Er du usikker, kan du finne andre kjelder eller finne den originale rapporten og lese sjølv.
Vurder forskinga
- Er det seriøse forskingsinstitusjonar som står bak?
- Gjer eit nettsøk på forskarane og forskingsinstitusjonen som står bak. Finst dei? Er det noko i søketreffa som kan tyde på at dette er omdiskutert, useriøst eller direkte falskt?
- Kan du finne andre seriøse kjelder som skriv om det same? Viss ikkje, må du vere veldig trygg på at kjelda di er påliteleg.
- Er dette ein enkeltstudie som strid mot det andre forskarar har funne? Då er det grunn til å vere skeptisk.
Gjer ein faktasjekk
Gå inn på lenka under og bruk tipsa du har fått her til å gjere ein faktasjekk av påstandane.
Relatert innhald
CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 23.04.2020